Sa opp jobb i olja for å bli bonde

Oddbjørn Øverland (30) sa opp ein spennande jobb som tok han verda rundt. No er olja bytt ut med kyr, griser, sauer og modernisering av gardsbruket som har vore i familien i fire generasjonar.


Fram til nyttår jobba han i Offshore Systems i Stavanger og reiste som montør over heile verda. Han treivst veldig godt, og fekk også høve til å ta bachelor med dyktige kollegaer rundt seg som støtta og hjelpte han. No er god løn, regulerte arbeidstilhøve og mykje fridom bytt ut med lange dagar og gardsdrift på Øvre Helgevold i Sandeid. 

- Eg har ikkje angra eit sekund. No er eg der eg aller helst vil vera. Det første halvåret har eg brukt mykje tid i lag med dyra for å bli skikkeleg kjend med dei. Det er viktig for å få ro i fjøset. Samstundes har eg sett i gang med enkle utbetringar og funne nye løysinga på en del ting, seier Oddbjørn. 

Har eigen 3D-printar 

Han var mellom anna ikkje nøgd med dei tidlegare løysingane for å henga opp femliters såpedunkar og andre dunkar. For lite funksjonelle og for dyre. Så då kjøpte han seg like godt ein 3D-printar og sette i gang å designa sjølv. Det same gjaldt oppheng til mjølkespydet. 

- Det kostar ikkje mange tiarane å produsera det sjølv på ein 3D-printar. Etter at eg la ut ei post på Facebook om dette, har fleire tatt kontakt for å kjøpa hengarar, fortel han. 

Oldefar til Oddbjørn kjøpte garden i 1920. Då var det to små løer der som hadde stått til nedfalls i 20 år. Kvar generasjon har modernisert, bygd på og gjort garden meir veldriven. Men driftsbygningane er framleis slik bestefaren Ola teikna og bygde dei i 1954. 

- Eg er imponert over kor framsynt han var. Det er ikkje mykje eg treng å gjera for å få det slik eg vil ha det i første omgang, seier Oddbjørn, som allereie på jorbruksskulen teikna ny, stor driftsbygning. Dei teikningane får kvila førebels, men han ser ikkje vekk frå å det kan bli nybygg med tid og stunder. 


Mjølkekyr og griseproduksjon 

Snart er også alt som skjer på garden lagt inn på data, og på ein stor skjerm i forgangen til fjøset kan han følgja med på det meste. Mellom anna med kameraovervaking hos grisane. Kyrne sin del av driftsbygningen er for liten til at det er aktuelt med robotfjøs, men mjølkinga skjer no med utstyr som er så nært opp til robotfjøs som mogeleg. 

Oddbjørn har 22 mjølkekyr i fjøset og ei kvote på 140.000 liter i året. Han produserer alt av avlsdyr sjølv og sel oksekalvar gjennom heile året. Delar av driftsbygningen er gjort om til grisehus, og der blir det årleg produsert 430 slaktegris kombinert med produksjon av smågrisar. Avlsgrisane kjøper han lokalt hos Einar Haugen i Etne for å få dei rette genane. 

- Eg kunne tenkt meg å firedobla produksjonen av gris, men for tida er det overproduksjon og egentleg ikkje rom for å auka, seier Oddbjørn, og rosar nabobøndene. 

- Vi hjelper kvarandre og har eit veldig godt samarbeid. Aldersmessig er eg yngst, men det har vore eit generasjonsskifte på mange av gardane dei siste 10 åra, seier Oddbjørn. 

Steller beitene for hand 

Øvre Helgevold ligg i ein dal, og ein tredjedel av året hentar kyrne fôret sitt frå velstelte innmarksbeite som strekkjer seg over 180 mål oppover dalen. Totalt med arealet som Oddbjørn leiger av naboen, er det 130 mål dyrka mark knytt til garden, og alt vert nytta til produksjon av gras til fôr. 

Å rusla ned låvebrua ein vakker vårdag når både dyr og gard er på stell, er ei god kjensle.

- Vi har også 34 sauer. Dei er verktøyet vårt for å halda beitene i god stand. Der dei har beita, kjem det og fram vekstar som kyrne likar å beita på. Sidan mesteparten av beita ligg skrått, pleier far min beita for hand. Det er både meir effektivt og skånsamt enn å køyra maskineri oppetter bakkane, fortel Oddbjørn. 

Han får med seg det som er av kurs og oppdateringar i regi av Bondelaget og andre. Og han er imponert over kva som er mogeleg å skaffa seg av kunnskap og støtte lokalt. 

- Eg tar imot alle tips og råd eg får, og eg har aldri vore på ein arbeidsplass før der det har vore så mykje kunnskap å henta hos andre. Vi er heldige her i Vindafjord som har både Nortura, Fatland, Tine og Felleskjøpet som støttar opp om bøndene på alle måtar, seier Oddbjørn. 

Får god hjelp og støtte 

Han har overteke hovudhuset medan foreldra Gro og Torgeir har flytta inn i ny bustad 600 meter lengre opp i dalen. Torgeir var ikkje så mykje eldre enn Oddbjørn då han tok over garden. No er han tilsett som avløysar hos sonen gjennom Vindafjord Avløysarlag. I det eldste bustadhuset på garden held bestemor Anna til. 

- Ho nærmar seg 90 år, er litt dårleg til beins, men klar i hovudet og veldig kjekk å ha i nabohuset. Både med kunnskap og praktiske ting. Eg er til dømes ikkje så god enno på å halda stort hus og komma på alt som skal handlast. I dag måtte eg innom henne for å låna kaffi til du kom, ler Oddbjørn.

Mangfalding yrkesutdanning 

Han er den mellomste av fem søsken som alle var mykje med i arbeidet på garden då dei vaks opp. Han visste at det var bonde han ville bli då han var 15, men ikkje at det var han som skulle overta heimgarden. 

Denne gamle Massey Ferguson 135-en fekk Oddbjørn i gåve av faren i fjor etter at den var pussa opp og skifta motor på.

Han visste også at det kunne vera lurt å ha eit anna yrke i bakhand. Så han tok både svennebrev og meisterbrev som røyrleggjar. Deretter tok han jordbruksskulen, og hadde etter det tenkt å halda fram med å jobba som røyrleggjar ei stund. 

- Det var jo kjekt å tena gode pengar, og eg synest det var nok skule for ei stund. Men så let eg meg overtala til å begynna på fagskule i Bergen. Det viste seg å vera ein innertiar, seier Oddbjørn.  

Automatiserte silojamnaren

Når han først var i gong, utdanna han seg like godt til både maskiningeniør og fagingeniør i prosess og kjemi. Undervegs tok han eit kurs i automasjon, og det førte til første teknologiske endring på garden frå hans hand. 

- Eg var så lei av å måtta stå inne og bruka begge hender når silojamnaren var i sving. Det var mykje anna eg kunne gjort alle dei timane, fortel Oddbjørn. 

Her måtte det kunna gjerast noko, og han tok kontakt med produsenten Førde Mekaniske Industri og sa han ville prøva å automatisera siljojamnaren deira. 

- Det var dei veldig positive til. Jamnaren vår har gått utan stopp i sju år no, og eg har også automatisert fire andre for Førde Mekaniske Industri, fortel Oddbjørn, som stadig har nytte av den mangfaldige utdanninga si både på eigen gard og hos andre. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden