Desse er klar for Rootsen!

- Rootsen skal vera ein festival der gjestene er garanterte ei god oppleving, og det trur eg årets program vil sikra, seier festivalsjef Kristin Hafstad Stokka.


Blant dei mest kjende namna på programmet dette året er Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland og dei alltid like populære Waterboys, som er godt kjende blant Roots-publikummet frå tidlegare år. 

- I tillegg til dei største artistane på plakaten er det mange knallgode band som gjerne ikkje er like godt kjende. Eg trur blant anna den skotske trioen Talisk, som avsluttar laurdagsprogrammet, vil bli ein favoritt hjå mange, seier festivalsjefen. 

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland er klar for Vikedal Rootsfestival, laurdag kveld. (Foto: Isabel Watson/Agnete Brun)

Dette året har også Rootsen tatt opp att eit tett samarbeid med Vertshuset i Vikedal. 

- Torsdag kveld inviterer me til intimkonsert med tre band på Vertshuset. Det er fleire år sidan festivalen arrangerte konsertar her, men me trur det vil falla i smak hjå mange, seier Stokka, som har sitt første år som leiar for festivalen. 

Rootsfestivalen har dei siste åra nedskalert artistlista og satsa meir på norske og færre store headlinarar enn tidlegare. Likevel er festivalsjefen overtydd om at årets program vil sikra den kjende Roots-kvaliteten. 

- Denne festivalen skal ikkje berre leva på store internasjonale artistnamn, men me jobbar alltid for å levera kvalitet. Me har fått mange gode tips frå publikum undervegs og tar alltid Roots-gjestene sine ønskjer med oss når me legg programmet. 

I fjor var det 3000 betalande gjester på Rootsfestivalen, og Stokka håpar på same oppmøte i år. 

- Me håpar sjølvsagt på at det kjem fleire, men om me får like mange besøkande som i fjor, er me godt nøgde, seier Stokka.

Her er program for Vikedal Roots Music Festival 2017: 

Torsdag ettermiddag: 

  • Barneunderhaldning 
  • Talentkonkurranse 
Torsdag kveld i Vikedal Vertshus 
  • Intimkonsertar med tre band: 
  • I am K 
  • Darren Eedens & the Slim Pickin's 
  • Paddies 
  • I tillegg blir det før konsertane ein seanse med ølsmaking med Jo Broch
Fredag: 

  • Changeover: Pakkers trio 
  • Blest 
  • Darren Eedens & the Slim Pickin's 
  • The Waterboys 
  • Firewoodisland 
  • Greenland Whalefishers 
Laurdag: 

  • Changeover: Pakkers trio 
  • Darling West 
  • Amythyst Kiah 
  • The Vossarebels 
  • Ingebjørg Bratland 
  • Odd Nordstoga 
  • Talisk 
 Laurdag kyrkjekonsert: 

  • Camilla Rosenlund 

Søndag: 

  • Rootsgudsteneste på Vindafjordmuseet i Vikedal 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden