Rekordår for Fatland

Kjøt er god butikk. Fatland-konsernet dobla driftsresultatet og omsette for nærare fire milliardar kroner i fjor.

Fatland kan kvittera med eit historisk godt fjorår. Totalomsetninga i 2015 hamna på 3,9 milliardar kroner, ein auke på 20 prosent frå 2014. Driftsresultat bikka 100 millionar i 2015, noko som tilsvarar meir enn ei dobling, frå 49 millionar kroner året før. 


- Dei gode tala i 2015 er mellom anna eit resultat av ein stor innsats frå alle våre tilsette, seier konsernsjef i Fatland AS, Terje Wester. Foto: Fatland.

Effektiv drift 

- Me har hatt ein sterk vekst gjennom heile året, og det har me klart med det same mannskapet og anlegga som tidlegare. Me har blitt meir effektive, og dei gode tala i 2015 er eit resultat av ein kjempeinnsats frå alle våre tilsette som har hatt eit travelt fjorår, seier konsernsjef Terje Wester. 

Sjølv om overskotet aukar, er driftsmarginane reduserte; Bøndene har fått betre prisar, samstundes som daglegvarebransjen har nytt godt av veksten og drifta hjå Fatland, påpeikar Wester. 

- Bransjen har små marginar. Men med så sterk omsetningsvekst og god kontroll på kostnadane greier me å oppnå slike resultat, seier Wester. 

Investerer for 300 millionar 

- Me har fått nye kundar og satsar på god produktutvikling og effektivisering. Stor arbeidsinnsats i alle ledd frå bonde til butikk er med på å bidra til veksten. Kundar i daglegvarebransjen blir større og me må veksa vidare framover for å møta førespurnaden, fortel Wester. 

Og med eit resultat før skatt på 92 millionar kroner investerer konsernet for vidare vekst: Totalt blir det investert for ca 300 millionar kroner på Fatland-anlegga dette året. Storparten av denne investeringa blir gjort ved anlegget i Ølen som blir utvida med 12 000 kvadratmeter. Det nye bygget vil stå ferdig til sommaren. 

Storparten av dei 300 millionane Fatland-konsernet investerer i år, går til det 12 000 kvadratmeter store nybygget i Ølen. Den nye delen av anlegget skal opna til sommaren. Foto: Kari Aakra/Medvind24.no

- Me satsar stort på bygging og automatisering, og dei mjuke verdiane må følgja med. Difor styrker me også organisasjonen med fleire ressursar på forretningsutvikling og administrasjon, seier Wester. 

Fatland AS er Noregs største private kjøttbedrifter, med slakteri og avdelingar i både Ølen, Sandnes, Oslo og Sandefjord. 620 tilsette arbeider i dag i Fatland-konsernet. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden