Rekneskapsfirma i vekst

Rådgjeving - og rekneskapsfirmaet 5-pluss er i sterk vekst, no ynskjer dei å få med seg fleire rådgjevarar på laget.


Ivar Halvorsen har saman med fleire av kollegaene etablert rådgjeving - og rekneskapsfirmaet 5-pluss as som i dag har kontor på Medvind i Ølensvåg, samt i kontorbygget LØÅ på Frakkgjerd. No har dei og tatt kontakt med Fikse Næringsforening for å sjå på moglegheitene for kontorplass i Medvind-bygget i Etne.

– Me er nok litt motstraums på fleire vis, me ynskjer å vere tett på kundane i kvardagen, og då er det ein del av planen at me og skal ha kontor der kundane våre er, fortel dagleg leiar Ivar Halvorsen som no er på jakt etter fleire medarbeidarar.

– Me treng personar med erfaring innan rekneskap som er glade i rolla som rådgjevar og som kan gå rett inn i arbeidsoppgåvene her. Han fortel at berre denne dagen er det kome to nye kundar på blokka.

Viktig rådgjevar-rolle

Halvorsen har 32 år med erfaring frå rekneskapsbransjen, og ynskjer aller mest at dei kan bli ein god sparringpartnar for bedrifter og bønder. Etter å ha hoppa av ein jobb i eit rekneskapsbyrå starta han som rekneskapssjef for bedriftene i kontorbygget LØÅ, etter kvart fann han ut at denne type rådgjevingsteneste var noko truleg andre bedrifter og hadde behov for.

– For oss er det viktig med kundekontakten, me er inne i ein periode med mykje digitalisering i rekneskap og rådgjeving, og dermed blir det lite fysisk kontakt i kommunikasjonen. Me har tru på å dra det i ein litt anna retning, me ynskjer å reise meir ut på besøk til kunden, eller få til fysiske møter, og for at det er viktig for mange av kundane å treffe rådgjevaren personleg.

Kundegruppa er breitt samansett, frå små og mellomstore bedrifter, kraftverk og i landbruket. Halvorsen meiner mange i næringslivet og landbruket går mykje åleine på jobb, for denne gruppa er rådgjevaren ein kan ringe til veldig viktig. No er dei sju tilsette i bedrifta, og har brei kompetanse blant anna innan bedriftsutvikling, rådgjeving for næringslivet, takst og generasjonsskifte i landbruket samt eigedomsutvikling.

Tett på kundane

– For å gi gode råd til kunden må du kjenne rekneskapen godt, og for å kjenne rekneskapen godt må du ha vore tett på kunden over tid. Dette heng saman, meiner Halvorsen.

– Eit godt døme på det kan vera generasjonsskifte på ein gard, som ofte kan vera som eit arveoppgjer i levande live, då trengs det god planlegging og tid nok til å finne ut av ting. Det kan godt hende me må vere med på familiemøter for å forklare prosessen vidare. Skal du vere ein god rådgjevar må du og kome tett på kunden, og fylgje dei i kvardagen. Me utfører mange andre oppgåver enn rekneskap for kundane våre, det kan vere søknadar eller andre administrative jobbar.

– I landbruket kan det til dømes vere hjelp til å lage driftsplanar, sjå på investeringsplanar, ta kontakt med bankar eller Innovasjon Norge. Me ynskjer å vere ein god sparringpartnar i mange samanhengar.

No ynskjer dei å auke kapasiteten og få fleire tilsette på plass.

– Viss me skal gi gode råd til kundane og yte den servicen me ynskjer er me avhengig av at me har gode folk med oss. Me må ha rådgjevarar som likar å ha tett kontakt med folk, og som er genuint interessert i kva bedriftene held på med. Det er berre å ta kontakt dersom ein er interessert.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden