Prisnominert ferje i Ølensvåg

Kvart år delar Skipsrevyen ut prisen «Ship of the year». I år er «Hydra» som er under utbygging på Westcon i Ølensvåg nominert.


31. august er det duka for prisutdeling i regi av Skipsrevyen. Her er «Hydra» ein av tre nominerte. «Hydra» er ei hydrogen-elektrisk ferje, som skal vera den fyrste av sitt slag i heile verda. Norled valde i 2019 Westcon til å byggje ferja. Ferja skal ha plass til 299 passasjerar og 80 bilar, den skal gå mellom Hjelmeland – Nesvik – Skipavik. 50 prosent av tida skal ferja køyrast på brenselceller driven av flytande hydrogen, mens resten av tida skal batteriet brukast.

Endre Matre som er leiar for teknisk og nybygg på Westcon Yards, beskriv ferja som ei spennande ferje med gode eigenskapar.

– Det er alltid flott å bli nominert til slikt, det er jo den gjævaste prisen ein båt kan få her til lands. Ein kan samanlikna «Ship of the year» frå Skipsrevyen med ein «Spellemann» frå Spellemannsprisen.

Han er spent på kven prisen ender opp hjå, men håpar «Hydra» stikk av med sigeren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden