Låste barnehageungane inne i bankhvelvet

Varierte dagar og mange kjekke kundar utgjer arbeidsdagen til avdelingsleiar Rolf Lillehammer i Haugesund Sparebank i Skjold. Kvardagsluksusen er å høyra på radio og eta bananer i bilen på veg til jobb.

Ein typisk arbeidskvardag? 

På kontoret
Namn: Rolf Lillehammer (40)
Bustad: I Haugesund, er opprinneleg frå Sandeid
Sivilstand: Sambuar, tre barn
Stilling: Avdelingsleiar i Haugesund Sparebank avd. Skjold
Kor lenge i stillinga: Sju år, tilsett i banken i åtte år

- Vi er eit fullbemanna kontor med tre tilsette som tilbyr heile produktspekteret og er med i heile livsløpet frå ungane kjem til verda til livet endar. Alt frå oppretting av kundeforhold og kontoar for dei minste til aktuell rådgjevning til dei som vert myndige og skal staka ut kursen her i livet. Vi hjelper familiar å etablera seg og kjøpa hus, og på tampen av livet dukkar ofte pensjon og arverettslege spørsmål opp. Så kvardagane er veldig varierte. Eg jobbar aller mest med kredittbehandling og har nett vore på befaring i høve til eit byggelån. Vi er ein av svært få bankar som framleis har lokale avdelingskontor. Lokalbefolkningen er flinke til å bruka oss, og det er stadig folk innom. Her kan dei først og fremst få god rådgjevning, men også ta ut og setja inn pengar og få ut valuta. Vi har til og med bankboksar, noko som mange andre har slutta med.

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Eg drikk ikkje kaffi, så det utgår. Men eg må ha vatn. Og bananer i bilen. Dei to minste blir prioritert om morgonen, så då roar eg ned med radio og bananer på veg til jobb. Det er min luksus i kvardagen. 

Kva karateriserer din arbeidsplass? 

- Mange varierte og forskjellige arbeidsoppgåver og kjekke kundar. Det er uformelt mellom oss kolleger, og vi har mykje lått og løye oss. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Vi har ein del besøk av barnehagar, og det er alltid like spennande. Eg hugsar veldig godt første gong Skjold barnehage var innom. Ungane er jo så fulle av energi, spørsmål og har ein enorm livslyst. Alt skal takast på og alt skal spørrast om. Dei fekk sjå inn i hvelvet, og det såg ut som eit fengsel for dei. Så vi sette inn to-tre stykker av dei og lukka døra, og det var jo skikkelig spennande. No er dei innom ein gong i året og får refleksvestar og litt småting. Det er like kult kvar gong, og bryt litt med kvardagen. 

Kva gjer du når du har fri? 

Då gjer eg mykje forskjellig. Eg er mellom anna veldig glad i fjell og friluftsliv, spesielt ski nå på vinteren. Det er litt travelt heime sidan vi har to bittesmå og ein litt større, og familien blir prioritert. Så får eg spela golf eller jakta meir når det blir tid til det.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden