Med vanleg kvilepuls på vinterjobb i Ølen

Vanlegvis finn du Pål Bilstad i gravemaskinen på eit prosjekt i Sirdal. Gjerne med høg puls i ei skråning. Men på vinterstid veit han aldri kor han hamnar. Denne gongen blei det Ølen.

Ein typisk arbeidskvardag?

På kontoret
Namn: Pål Bilstad (48)
Bustad: Ueland, Lund Kommune
Sivilstand: Kjærast
Stilling: Maskinførar i Risa
Kor lenge i stillinga: 10-11 år 

- Å grava. 

- Eg høyrer til avdeling sør i Sirdal. Der arbeider me heile året, så nær som på vinteren. Då blir det ofte arbeid andre stader, og nå har eg jobba med den nye gang- og sykkelvegen mellom Ølen og Ølensvåg sidan arbeidet her starta. Me bur på Westcon og har det heilt topp. 

Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen? 

- Det var røyk. Men nå har eg vore røykfri i tre veker, så då går det heller i snus. 

 (Intervjuet pausast. Bilstad må ropa inn ei bestilling til lastebilsjåføren: «Tæge du me’ litt pokk tebagers itte mad?!») 

-  Ja, sånn… kor var me…? 

Kva karakteriserer din arbeidsplass? 

- Me er ein kjempegod gjeng i Sirdal, der alle kjenner alle. Alltid god stemning og mykje humor. 

Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb? 

- Me arbeidde med ei forskjering til ein tunnel på Tonstad. Me skaut oss oppover frå vegen, og i ein periode sat eg med konstant høg puls: Dinglande i gravemaskinen på kanten av ei skråning med eit lite rekkverk mellom meg og ein 20 meter bratt bakke ned til vegen. Derifrå var det 70 meter beint ned til det 180 meter djupe Sirdalsvatnet. Då var den berømte kvilepulsen unormalt høg, og eg var nok hakket meir konsentrert enn vanleg. 

Kva gjer du på når du har fri? 

Eg bur på ein gard, og sjølv om eg ikkje har dyr er det alltid noko å «potla på me’» der.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden