På jobben: Gode kollegaer og varierte dagar


Kor kjem du frå?

Eg kjem frå Vats.

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Då me gjekk på skulen hadde me utplasseringsperiodar, og då var eg her. Eg trivdes veldig godt og ville gjerne vera her vidare, derfor ordna eg meg læreplass her. 

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Det var litt tilfeldig at eg valde elektro. Eg prøvde meg litt fram og familien min meinte dette ville passa meg bra, så då prøvde eg det. Eg er godt nøgd med valet og denne måten å ta utdanning på. Det er veldig greitt å lære av praktisk arbeid, og i tillegg få lønn medan ein studerer, det er ikkje så dumt. 

Kva arbeidserfaring hadde du frå før? 

Eg hadde ikkje noko erfaring med dette faget frå før, men eg har alltid likt å putla på med småting. Eg har alltid jobba ein del, sidan eg har vakse opp på gard. 

Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?

Nå har eg gått to år på skule og har vore i lære i eitt og eit halvt år. Nå har eg omlag eit år igjen. Me byrjar med fagbrevet i desember og skal fullføre læretida i februar 2021.

Beskriv ein typisk arbeidsdag:

Dagane her er veldig varierte. Eg har for det meste vore med å jobba på hus. Då er det ofte gamle hus me skal renovera. Då riv me vekk gamle anlegg og monterer nytt. I dag er eg her på verkstaden og bygger opp nye sikringsskap som skal ut til kundar.

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

Det var jo mykje eg ikkje visste frå før, så eg har lært veldig mykje etter eg byrja å arbeide her. Eg hadde ikkje trudd at faget var så bredt og at ein kan utdanna seg i så mange ulike retningar. Eg har jobba mest med hus og trur eg ønskjer å fortsetja med dette, men har ikkje bestemt meg heilt enno.  Det er ein veldig sosial jobb og med mange kjekke og flinke kollegaer.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden