Olaf Tufte til NæringsGiv 2018

Romaskin, olympisk meister, bonde og brannmann Olaf Tufte er klar for næringslivsfest på Olalia 26. april.


Tufte har rodd i land fire OL-medaljar og seks VM-medaljar sidan debuten i 1995, og er ein av Noregs mest markante idrettsutøvarar. 

26. april entrar medaljegrossisten scena under NæringsGIV på Olalia. 

  • Påmelding til NæringsGiv finn du her!
  • Utover eigen idrettskarriere har Tufte også markert seg i fleire samanhengar: 

    I 2008 etablerte han Team Tufte som fokuserer på utviklinga av unge, norske roarar. 

    Sidan 2012 har han vore engasjert i tømmerhogst på idrettsnivå, og delteke for det norske landslaget i verdsmeisterskap i Timbersports. 

    I 2014 gjekk han av med sigeren i kjendisversjonen av 71 grader nord. 

    I mellomtida har han også vore MOT-ambassadør, starta eige klesmerke, og drive korngarden sin i Vestfold. Her har han arrangert Tufte Farmer Challenge, der kjende norske idrettsutøvarar har målt krefter i ei rekkje gardsøvingar.

    Tufte har dei siste åra blitt ein populær føredragshaldar i Noreg, der han drar vekslar på eigen karriere i føredrag om motivasjon og samarbeid, alltid med eit humoristisk preg.

    Sidan 2015 har meir enn 100 deltakarar frå Etne og Vindafjord gått fjellvegen til Olalia for næringslivskonferansen NæringsGIV. Blant dei fjellfarande som også har krydra programmet dei siste åra er Aslak Sira Myhre, Elin Ørjasæter, Ingebrigt Steen Jensen, konsernsjef i Fatland Gruppen Terje Wester, konsernsjef i Autostore Karl Johan Lier, Ølen Betong-gründer Atle Berge, privat barnehageutbyggjar Anette Lauareid Hovda og global distriktskunstnar Jan Terje Rafdal.  

    Meir om NæringsGIV finn du her!


    Siste saker fra Medvind

    Ledige stillinger

    Hva skjer i Medvind

    Folk i vinden