Nytt liv og ny dagleg leiar

I mars i fjor opna Buo på Bjoa dørene etter at nærbutikken hadde vore stengt i om lag eitt år. Då hadde bjoabuen fått nok av pendlinga for å handla brød, mjølk og andre daglegvarer.

Styreleiar Kåre Nymark meiner tida utan butikk på Bjoa kan ha vore positiv for framtida til butikken. 

- Eg og andre bjoabuar fekk røyna korleis det var å vera utan butikk. Det blei rett og slett for dumt at me måtte til Vikebygd, Ølensvåg eller Ølen for å få tak i brød og mjølk. Eg trur mange bjoabuar var sjeleglade for at me opna dørene igjen, og mi røynsle er at fleire no finn vegen til butikken, fortel Nymark. 

Med god støtte frå kjeda Merkur, som dekka 75 prosent av kostnadane til innreiing, var det ein heilt ny butikk som møtte kundane då dei opna dørene 8. mars i fjor. 

Ei lang historie 

- Butikken på Bjoa har ei lang historie. Familien Johannessen er eigarar, og dreiv sjølve butikken i årtider før årtusenskiftet. Eg hugsar godt då eg og eldste sonen i Johannessen-familien fylte skuffene i handelsdisken med mjøl og sukker for om lag 55 år sidan. Alt vart selt i laus vekt den gongen, minnest Nymark. 

Rolla som dagleg leiar hadde Nymark i om lag 10 år frå 2001. Dei siste året har han vore styreleiar. Han har vore med på nokre år med opp- og ned-turar for Buo. No trur Nymark på gode tider framover. 

- Omsetninga har vore bra, og målet er at me skal ligga rundt åtte millionar eller meir i året, inklusiv sal av bensin og diesel. Så langt i år ser det bra ut, og med den sommaren som langtidsvarslarane spår, trur eg på ein god sommar for butikken. Hovudkundane våre er framleis heilårskundane frå Bjoa, men handelen med hytte- og båtfolket utgjer òg ein stor del av omsetninga gjennom sommaren, fortel Nymark. 

Ny dagleg leiar 

For to og ein halv månad sidan fekk butikken ny dagleg leiar – Karin Nådland frå Ombo. Ho har god butikkerfaring etter fleire år som dagleg leiar av kiosken på kaien i Arsvågen. I 2013 fann ho seg ein tyskar på Bjoa og vart bjoabu. 

- Ryggplager gjorde at eg ei tid var ute av arbeidslivet. Ein dag eg var nedom Buo for å handla, gjorde eg alvor av ein tanke eg hadde hatt om å søka jobb som ekstrahjelp på butikken. Det var i juni i fjor, fortel Nådland. 

Ho fekk jobben, som blei starten på ei lynkarriere. Ekstrahjelpa vart dagleg leiar trekvart år seinare, og der trivst ho meir enn nokon gong. Ny assistent har ho òg fått. Jacqueline Røring har vore tilsett i halv stilling i åtte-ni månadar. 

Må brenna for butikken 

- Å driva nærbutikk er ikkje ein jobb. Det er ein livsstil. Ein må brenne for butikken; vera både tålmodig og litt sta. Det må slike eigenskapar til for å overleve. Sjølv om butikken har lite gjeld, så er det heile tida fokus på økonomi for å få drifta til å gå rundt, seier styreleiaren. 

- Me må heile tida vera vakne for kor me kan spara, og av og til må me vera litt stae for å få det som me vil. No sparar me hundre- og tusenlappar på å få levert brød og aviser på butikken framfor å måtta henta sjølve i Ølensvåg. Løysinga vart å forhandla om særavtale med den eine av to brødleverandørar me hadde tidlegare, mot at brøda vart leverte på Bjoa. Avtalen var på plass i februar, og kundane som den første tida sakna brøda frå den andre leverandøren har vendt seg til nytt brød, fortel Nymark. 


Avisleveransane tok Nådland seg av. 

- Eg ringde direkte til VG og sa at anten så får me avisene leverte på Buo, eller så avviklar me heile avissalet. Eg skal ikkje påstå at dei vart redde for ytterlegare nedgang i opplagstalet, men no får me iallfall avisene leverte på døra, ler Nådland. 

- Me må jo ta litt sjansar. Køyre løpet, ler dei begge to. 

Bensin og diesel frå Knapphus 

Eit anna grep styret for Buo har tatt er omlegging av drifta av bensin- og dieselpumpene. Ikkje berre har dei gått over til betaling med kort direkte på pumpene. Leverandøren er òg ny. 

- Tidlegare hadde me leveringsavtale direkte med Shell og måtte følgja deira retningsliner. No har me eigen avtale med Knapphus, som leverer etter vårt behov – stort eller lite. Det var fantastisk for oss å få på plass den avtalen, seier Nymark, som sjølv har ansvaret for drifta av pumpeanlegget i tillegg til å vera logistikksjef og lagergut når det passar slik. 

Nymark fortel elles om ein del svinn før ein gjekk over til kortautomat på pumpene. 

- Folk kom inn med båtar, bunkra før dei kom inn i butikken for å handle, og når dei kom til kassen, var tankinga gløymt. Det var lett å gløyma å ta betalt for drivstoffet. No får me betalt for kvar dråpe, fortel Nymark. 

Pub-kveldar og quiz i Drøsestova 

Drøsestova på Buo er viden kjent – iallfall på Bjoa. I lokalet innafor butikken har drøsen gått livleg mang ein dag og kveld. 

- Me har ein fast gjeng med 15-20 godt vaksne som møtes her kvar fredag. Jacqueline steiker kaker og steller godt med dei, men no har det vore stilt nokre veker, ymtar Nymark. 

- Me skal blåse liv i det igjen. Eg ventar berre på eit nytt vaffeljarn, og med det på plass reknar eg med at fredagsdrøsen skal gå endå betre, repliserer Nådland. 

Pub-kveldane er òg ein suksess ho vil driva vidare. For ikkje å snakka om den månadlege quiz-kvelden. 

- Då stiller 40-50 sambygdingar og hyttefolk til kunnskapskamp. For meg som tilflyttar er det eit glimrande høve til å bli kjent med folk, seier Nådland.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden