Ny mann i vassverket

Midt i den kaldaste vinteren på 10 år starta Rolf Gangdal nyleg opp som påtroppande dagleg leiar i Ølen Vassverk. Han og mentor Bjørn Ljosnes har travle dagar med å tine vatn i frosne kummar.


Rolf Gangdal starta i den nye jobben 1. februar og tar formelt over som ny dagleg leiar ved årsskiftet. Året som kjem skal han og avtroppande dagleg leiar Bjørn Ljosnes bruke godt som overlapping, ikkje minst sit Ljosnes på mykje kunnskap og erfaring etter 30 år i bransjen. Han vart formelt tilsett i vassverket i 2000, men då hadde han allereie jobba deltid som utleidd røyrleggar sidan 1990.

Mange kundar

Ølen Vassverk sikrar reint vatn i springen til ein stad mellom 2500 og 3000 personar i Ølen, Ølensvåg og Bjoa. Dei siste åra har også vassverket vore gjennom store oppgraderingar, og 60 prosent av leidningsnettet er av nyare dato enn 2000.

– Det er viktig med reint vatn, og konsekvensane blir store viss me ikkje klarer å sikre leveringa, meiner Ljosnes og viser til at i tillegg til privatpersonane har vassverket store bedriftskundar som Fatland, Granberg Garveri, Ølen Betong og Westcon.

Etter mange år med lite avlastning og stort ansvar ynskjer no Ljosnes å gi jobben med å leie vassverket over på nye hender. Og etter 15 år i reisejobb, som konsulent for Omega, var Rolf Gangdal klar for å jobbe med vassforsyning i heimbygda. Gangdal har gjennom konsulentoppdraga fått brei erfaring, i tillegg har han fagbrev i både sanitær - og industrirøyrlegging, noko som er god kompetanse å ta med seg inn i vassverkjobben.

– Dette er ein interessant jobb med stor variasjon av arbeidsoppgåver. Her får eg jobbe administrativt, med rapportering til mattilsynet, fylgje opp kundane og samstundes må ein vere ute på anlegget for å sikre stabil drift. Det ligg mykje arbeid bak reint vatn i springen som folk kanskje ikkje kjem på, meiner den påtroppande sjefen.

Kald vinter

I desse fine, men kalde, vintervekene går det mykje tid til å finne fram til frosne kummar og starte opptiningsarbeidet. Vassleidningane inn til husa må derimot huseigar sjølv ta ansvar for.

– Mange reiser vekk i helgene, og når vatnet ikkje blir brukt frys det lettare. Men det hjelper på med litt snø, fortel Ljosnes som også denne dagen er ute på jakt etter frosne kummar.

– Spesielt den siste veka har vore travel, no er frosten komen så langt nedi jorda at også leidningar som ligg djupare kan bli frosne. Det blei ein pangstart i den nye jobben, men like greitt å få teste ut korleis ein løyser dette med ein gong, seier Gangdal med eit smil.

Når Ljosnes går av med pensjon vil ein også søkje etter ein driftsoperatør som kan vere med i drifta framover.

– Det blir mindre sårbart om me er to, då er det og fleire å dele vakter på og ein får kople av litt, det trengs, meiner Rolf Gangdal.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden