Ny redaktør i Medvind24

I sommar tar Maria Djuve Vågen over redaktørjobben i Medvind24. – Eg gler meg til å vidareutvikle det gode redaksjonelle arbeidet, seier ho.


– Når me først kom i den situasjonen at Kari fekk ny jobb, så er eg veldig glad for at me har funne ei god løysing, som vil ivareta Medvind24 og det redaksjonelle arbeidet, seier dagleg leiar i Medvind24 Næringshage, Merete Vårvik Matre. Frå 1. juli tar nemleg Maria Djuve Vågen over den daglege redaktørstolen i nyhendeportalen, medan Vårvik Matre blir ansvarleg redaktør.

– Det er ikkje lett å erstatte Kari, ho har betydd mykje for utviklinga av Medvind24 og har gjort ein fantastisk jobb som redaktør med sin skarpe penn, gode kommunikative evner og ei evinneleg ja-haldning. Ho har vore ein viktig ressurs for mange små og store bedrifter i distriktet vårt. Me er likevel heldige som har fått ein aktør med brei kompetanse innan kommunikasjon og redaksjonelt arbeid til å ta over jobben, me er trygge på at Maria og kollegane i Omega Design vil gjere ein god jobb i redaksjonen vidare, slår Vårvik Matre fast.

Mykje potensiale

Kari Aakra har styrt Medvind24-redaksjonen i fem år. No sluttar ho for å starte i ny jobb som fylkessekretær i Hordaland Senterparti.

– Medvind24 er ein fantastisk arbeidsplass, så det er med tungt hjarta eg sluttar, men eg er sikker på at det redaksjonelle arbeidet er i dei beste hender framover, seier Kari og peikar på at Maria Djuve Vågen og resten av redaksjonen har god kompetanse på å utvikle redaksjonelle produkt. Den nye redaktøren, Maria Djuve Vågen, gler seg til å ta fatt på jobben med å halde oppe den redaksjonelle profilen, og ikkje minst få sjansen til å utvikle portalen ytterlegare.

– Det er store sko å fylle i redaktørjobben, men eg gler meg til å ta arbeidet vidare og bygge på dei gode grunnsteinane som er lagt ned. Det er mykje potensiale i Medvind24 og godt innhald frå regionen vår, meiner ho.

Teamarbeid 

Kari Aakra kan sjå tilbake på fem særdeles interessante år.

– Eg er blitt kjend med så mange dyktige folk, det er jo spesielt at så mange kloke hovud kan vere samla innanfor ein så liten radius som Vindafjord og Etne. Ein er privilegert når ein får jobbe med denne næringsutviklinga, og det har vore ei glede å leie utviklinga av Medvind24, slår Aakra fast. Ho peikar på at det slett ikkje hadde vore det same utan resten av teamet i Medvind24, som forutan dagleg leiar Vårvik Matre består av forretningsutviklarane Arne Gunnar Habbestad og Morten Helland. Kari dreg også fram styreleiar i Medvind24 Næringshage, Sigmund Lunde, som ein viktig person for hennar tid i Medvind. No blir det først sommarferie, før ho ho startar med ein hektisk valkamp i den nye jobben.

– Det er klart det er vemodig, men eg ser og fram til nye utfordringar. Og det kan vere godt for Medvind24 med nye redaksjonelle krefter no, meiner den avtroppande redaktøren.

Attraktiv region

Nettportalen Medvind24 gir brei oversikt over nyhende og reportasjar frå næringslivet i distriktet.

– Her er mange gode historier som fortener å bli fortalt, og me ser at mange set pris på at bedriftene og næringsutviklinga kjem fram i redaksjonelle saker, meiner Vårvik Matre.

– Omdømmebygging i regionen er naturlegvis eit overordna mål for arbeidet, det er viktig å vise fram at dette er ein attraktiv region i vekst, ikkje minst med tanke på framtidig rekruttering, meiner ho.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden