Ny kommunalsjef på plass

– Samspelet mellom kommunen, innbyggarane og det private næringslivet er viktig, det vil eg gjerne bidra til å styrke, seier Halfdan Krohn Brekke som nyleg starta i stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling i Vindafjord kommune.

Halfdan Krohn Brekke er klar for å styrke samfunnsutviklinga i Vindafjord kommune. (Foto: Kristian Risanger) 

Krohn Brekke kom frå stillinga som konstituert kommersiell direktør i BATE boligbyggerlag. Frå tidlegare har han også erfaring frå Haugesund kommune som samhandsamar, rådgjevar og fagleiar for eining for byutvikling. No får han ansvar for teknisk sektor, kultur og reinhald i kommunen. 

– Vindafjord er jo også ein særs spanande kommune. Den er ikkje berre vakker, men også interessant som ein stor kommune innan næring, industri og landbruk. Eg har alltid verdsatt samspelet mellom det kommunale og det private, det gler eg meg til å jobbe vidare med.

– Eg var ikkje akkurat på jobbjakt når denne stillinga dukka opp, men eg syns det verka spanande å jobbe i det kommunale igjen. Her får du bidra til at lokalsamfunnet blir betre, og du bidreg til noko større enn private interesser. Det var absolutt med på å vekke interessa mi for jobben, og eg trur bakgrunnen frå privat næringsliv kan vere verdifull, seier han.

Vil gjere seg kjent

Han har berre lagt to veker bak seg i sjefsstolen, men har allereie starta jobben med å gjere seg kjent i kommunen og organisasjonen.

Det har vore nokre kjekke veker, spesielt kjekt er det å treffe folk og få oversikt over kva ein jobbar med. Eg har allereie treft på dei som jobbar i teknisk eining og leiargruppa til kommunedirektøren, og i dag skal eg også besøkje kulturavdelinga. 

– Dette er jo ein jobb med eit bredt ansvarsområde. Areal og forvaltning samt tekniske tenester har eg ein del bakgrunn frå, men reinhald og kultur har eg mindre erfaring frå, seier Krohn Brekke som også har fått seg ein fysisk rundtur i kommunen for å bli betre kjent med dei ulike grendene. 

Viktig med samspel

Han meiner det er vel tidleg å kome med visjonar og mål for framtida, men ser at mange distriktskommunar står framfor dei same utfordringane med tanke på å auke talet innbyggarar, satse på bulyst og styrke posisjonen opp mot bykommunane. 

 – I denne kommunen er det også ei imponerande gründerånd, her snakkar ein ikkje så mykje om kva ein skal gjere, ein berre gjer det. 

Som ny kommunalsjef er han allereie i gang med dei første konkrete sakene og denne veka blir det også tur til EnergiRike-konferansen i Haugesund der temaet er det grøne skiftet, innovasjon og næringsutvikling. 

Det blir også spanande å sjå kven som kjem inn i rolla som ny moglegheitsutviklar i kommunen, det blir avgjerande å få inn rett person der. Eg må elles skryte av kommunedirektøren som har stort engasjement for kommunen. Det er viktig som ein god leiar, seier Krohn Brekke som legg vekt på at det blir viktig med ein open og god dialog framover, både med tilsette, innbyggarar og næringsliv. 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden