Skal gi ny giv til landbruket

For Hanne Lundal og mannen var det eit spørsmål om livsstil og verdiar då dei valde å satsa på gardsbruk i Skjold. Måndag kveld skal ho, Erling Jevne og slakterisjefar frå både Fatland og Nortura motivera til ny giv til det lokale landbruket.


Hanne Lundal flytta frå bustadfelt i Sandnes til sauebruk i Skjold.  - Me var klar over at det ville bli ein hektisk kvardag med mykje arbeid, men det var dette livet me ønska oss. 

I ein krevjande jobb, med til tider døgnkontinuerlege arbeidsdagar og liten økonomisk gevinst, kan ein fort gløyma den viktige rolla ein har som gardbrukar, meiner Lundal. 

OL- og VM-meister, Birkebeinarkonge, og gardbrukar Erling Jevne skal motivera lokale bønder til vidare innsats på landbruksmøtet. 

- Då me starta var det ei positiv økonomisk utvikling i landbruket, men me har sjølvsagt kjent på utfordringar som mange andre dei siste åra. Likevel er det avgjerande å alltid ha med seg dei grunnleggjande verdiane i det å vera bonde; me er med på å oppretthalda bygde-Noreg, kulturlandskapet og den gode mattryggleiken. Me bidrar til at Noreg framleis er på verdstoppen i produksjonen av trygg mat, med lite bruk av antibiotika og plantevernmidlar. Det er ein naiv og altfor enkel tankegang å tenkja at me «berre» kan importera frå utlandet. Norske bønder utgjer ei føregangsnæring for trygg mat, seier Lundal. 

Slakterisjefar og langrennnstopp på scenen

40-åringen sa opp jobben i rusomsorga i Sandnes, og satsa på ny livsstil med kjøp av garden i Skjold i 2010. Ektemannen Johannes Lundal arbeider i anleggbransjen, og det er Hanne som har stått for drifta heime med 220 vinterfora sau. 

- Me var naturlegvis klar over at det kom til å bli eit hektisk liv og mykje hardt arbeid. Men me ville ha ein annan kvardag enn me hadde i bustadfelt i Sandnes. For meg var det viktig å med ein jobb der eg samstundes kunne vera tilstades heime for borna. Me ønska å gje dei ei anna oppvekst, og ikkje at dei skulle bli «asfaltbarn», slik som meg, seier Lundal. 

Måndag kveld er ho ein av headlinarane når Haugesund Sparebank i samarbeid med Nortura og Fatland inviterer til stormøte om framtida i landbruket. Konsernsjef i Fatland, Terje Wester, regionsjef i Nortura Einar Risnes står også på programmet. 

Gardbrukar Erling Jevne, gjerne mest kjent som ein av Noregs beste idrettsutøvarar gjennom mange år og som den ukåra «Birkebeiner-kongen», er sistemann ut med føredraget «Motivasjon i medgang og motgang». Og det er motivasjon som er nøkkelordet for møtet, seier banksjef og initiativtakar Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank. 

- Store ringverknadar

Ope fagmøte: Muligheter i landbruket 

  • Måndag 21. januar, kl. 19.00 
  • Innleiarar: 
    • Terje Wester, konsernsjef i Fatland AS 
    • Einar Risnes, regionsjef Vest, Nortura SA 
    • Hanne Lundal, gardbrukar med sauehald 
    • Erling Jevne, bonde frå Øyer, med foredraget «Motivasjon i medgang og motgang». 
    • Møteleiar er Tor Øyvind Skeiseid. 
  • Matservering og spørsmål frå salen.
  • Vertskap: Haugesund Sparebank, Nortura og Fatland.

- Me ønska rett å slett å bidra med litt optimisme til lokale bønder, seier Larsen. Det har alltid vore, og er framleis, ei aktiv landbruksnæring i Vindafjord, men både nåverande og kommande gardbrukarar treng å høyra at det er ei framtid verdt å satsa på, meiner han. 

- Samtidig som det er stor investeringsvilje i det lokale landbruket, og mange flinke bønder som ønskjer å satsa, er det ikkje å leggja skjul på at dei siste åra har vore utfordrande; Mange har slite med dårlege fôrår, me har hatt overproduksjon av både sau og gris, og økonomien har vore krevjande. Men me har trua på landbruket både her i kommunen og i heile landet, og me må setja søkelyset på alle fordelar og moglegheiter ved ei framtid i næringa, seier Larsen. 

 Som ein av dei største husdyrkommunane kan ein aldri fokusera nok på alle dei samfunnsmessige ringverknadane ved eit aktivt landbruk, meiner han. 

- Landbruket er ein betydeleg arbeidsplass i kommunen vår, som også legg grunnlaget for andre store næringslivsaktørar, som til dømes slakteria våre, Felleskjøpet, og også for bankane, seier Larsen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden