Blir ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening

Nils Einar Steinstø overtar som dagleg leiar i Fikse Næringsforening etter Asbjørn Moe, som 1. juli sluttar etter 10 år i stillinga.


- Etter ein god prosess med fleire interessante søkjarar er me nå svært nøgd  med å ha fått Nils Einar med på laget i Fikse Næringsforeing. Han skal få lov  til å bli betre kjent med dei lokale bedriftene først, men han har eigenskapar  me er sikker på vil bidra til å vidare utvikling av både oss som  næringsforening og næringslivet me jobbar for, seier styreleiar Sindre Matre i ei pressemelding.

Steinstø har både ingeniør- og hotellhøgskule i utdanningsporteføljen og har leia både små og store selskap. Han kom frå stillinga som Vice President Global Sales med ansvar for 90 hotell i gruppa av First Hotels, X-Meetingpoint og Moxy X by Marriot

- Eg ser fram til å jobba med og for næringslivet i Etne og Vindafjord, som eg  kjenner litt til frå før og har følgd på avstand i alle år. Eg er imponert over  kva ein får til her, og gler meg til å bli med på vegen vidare, seier Nils Einar  Steinstø.

Steinstø byrjar i stillinga 1. august.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden