Høgdepunkt frå Næringsgiv 2016

NæringsGiv 2017 er i støypeskeia, og 27.april neste år ønskjer arrangørane for tredje gong vel møtt til næringslivskonferanse på Olalia. Her får du høgdepunkta frå årets næringslivshappening!

Tema for årets konferanse var "Moglegheiter i motvind". Korleis finn ein nye vegar å gå for å lukkast når marknaden buttar i mot?

Forfattar Elin Ørjasæter, Hatteland-sjef Karl Johan Lier, Etne-kunstnar Jan Terje Rafdal og konserndirektør Eirik Gundegjerde i Lyse sto på årets program. I tillegg til fagleg påfyll blei det feiring og prisdryss utover kvelden. 

Medvind24 var på plass og gir deg bildehøgdepunkta  frå konferansen.

Prisdryss

Ein viktig del av konferansen er feiring og heider av det lokale næringslivet. Fleire prisar blit utdelt kvart år, her er oversikt over årets vinnarar:


Gjengen bak inforskjermen.no, Favo AS, vann Gründerprisen. Dei tre grundarane var på salsturnè i Sverige, men sende videohelsing til publikum på Olalia:   

Næringslivsuksess til fjells

Dette var andre året NæringsGiv blei arrangert. Og den årlege konferansen er komen for å bli. 

Neste år blir det nye innspel frå både lokale og nasjonale næringslivsaktørar på Olalia fjellstove. 

Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fikse Næringsutvikling, Medvind Næringshage og Grannar. Som medarrangør laga Grannar ein presentasjonsvideo av lokalavisa: 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden