Pris til Vindafjord kommune

Vindafjord fekk prisen for Årets lærebedrift. - Me gjer vårt beste for å utvikla gode samfunnsytarar, seier mottakar av prisen, Erik Baust. 

Samfunnsutviklar Erik Baust mottok prisen på vegne av Vindafjord kommune.

- Det er ei æra å å få denne prisen. Me har mange lærlingar og ser på det som ei viktig oppgåve å vera med å utvikla desse gode samfunnsytarane. Dette er utruleg viktig både med tanke på rekruttering og som del av samfunnsansvaret vårt, seier samfunnsutviklar Erik Baust, som mottok prisen for Vindafjord kommune. 

I dag har Vindafjord kommune 15 lærlingar i mellom anna helse- og omsorgsfag, barn og ungdomsfag, kokk, kontorfag, IKT og ein feiarlærling. 

- Dette er settepotetene våre. Og settepoteter et me jo ikkje, men me skal dyrka dei og gjera alt for at dei skal bli dei beste, seier Baust.

Juryen grunngjev prisen slik: 

- Både som Ølen kommune og "gamle" Vindafjord  kommunen har vore aktiv lærebedrift sidan reform-94 då dei store «kommunefaga» helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget kom med i fagopplæringa som lærefag. Vindafjord har frå starten av delteke aktivt og vore ei pådrivarbedrift i vårt lokale opplæringskontor, Haugaland Opplæringskontor, som starta opp som Ølen opplæringskontor i 1996. 

Saman med dei andre store lærebedriftene i regionen har kommunen såleis medverka til at me er ein svært aktiv og god på fagopplæringsregion - noko som igjen har understøtta tilbodet på våre lokale vidaregåande skular. Samfunnskontrakten frå 2012 sitt mål om auke i lærekontraktar med 20 prosent har Vindafjord kommunne til liks med (enn så lenge?) nabokommunen Etne oppfylt med god margin. Vindafjord kommune har utmerka seg med god kvalitet på opplæringa og har vist stor vilje til å tilrettelegge for lærlingar med spesielle utfordringar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden