Kulturarbeid, reproduksjon og ja-folk

Fekk du ikkje med deg Næringsgiv 2023? Her kjem lynversjonen frå gårsdagens næringsfest på Olalia.

Scroll heilt ned i saka for å sjå endå fleire fine bilde frå dagen! Alle er tatt av Westcon/Svein Egil Økland

Olalia Fjellstove, 11.mai kl. 12:00: Tradisjonen tru blir grillen fyrt opp for å ta i mot gjestene til pølsevors på Olalia. Som alle andre år er arrangørane også nå  bekymra for om dei har pølser og pølsebrød nok til alle.

Kl. 13:00: Dei første fjellfararane kjem til Olalia, dette året utan regnklede og dobbelt lag ull! 

Kl. 14:00: 100 pølsemette næringslivsfolk på sokkalesten har benka seg når konferansier for dagen, Arne Hjeltnes opnar showet.  

Skakkekokken med hjelparar presenterer menyen gjennom dagen. Og ja, det skal bli nok mat.

Hjeltnes held fram med diktlesing (det var forfattaren sjølv som las),  før han kjem nedbrytande bodskap til forsamlinga: 

- Det er faktisk slik at det er flest folk i verda som ikkje bur i Etne og Vindafjord. 

Men akkurat det bør ein  jo gjera noko med, meiner konsernsjef i Berge Sag, Rolf Sjursen .

Etter lang fartstid i Rogalandsforsking og som leiar i ein av dei store bustadutviklingsaktørane i regionen, har Sjursen rimeleg god peiling på kva som skal til for å få folk til å flytta til distriktet. 

- Det er eit stort potensial her:  Me har jobbane, og stadig fleire ønsker å bu utanfor byane og sentrum.  Men utfordringa er at distrikta ikkje er i stand til å reprodusera seg sjølv.  Me treng fleire mellom 20 og 40 år, og gjerne fleire nye landsmenn. Me treng fleire som flyttar hit, og me har mange jobbar for tilreisande. Men spørsmålet er om dei vil slå seg ned her.  

- Hugs også at i snitt byter folk jobb seks gonger. Me må difor ha eit allsidig næringsliv, og ein velfungerande bustadmarknad der ein får omsett bustaden sin. Om ikkje, vil ein ikkje ta sjansen på kjøpa hus her, påpeika Sjursen.

Avslutningsvis får publikum med seg ei sjekkliste for distriktsvekst. Dette skal til: 

  • Tilgjengelege og attraktive bustadtomter 
  • Tilgjengelege og attraktive  næringsareal
  • Sentrumsutvikling: fleire attraktive små og store sentrum for bustad,  næring, kultur og besøk.
  • Styrka handel, reiseliv, aktivitetar og kultur 
  • Næringsvennlige kommuner for industribedriftene.
  • Forankre felles ambisjoner i hver enkelt kommune.
  • Samarbeid mellom kommunane.

Kl. 15:00: Det er på tide å eta igjen: Gulrotkake med ekstra krem gjer susen i første programpause. 

Kl. 15.30: Publikum riggar seg til historia om giganten frå Nedre Vats: Autostore.  

Distrikta treng gjerne fine tomter, store næringsareal og gode offentlege tenester.  Men mest av alt treng distrikta ja-folk.  Og det har vore ein av dei kulturelle grunnsteinane for robotselskapet i Åmsosen, fortel Merete Vårvik Matre i Autostore. 

- Ja-kulturen har vore avgjerande i Autostore. Og særleg i ei tid der me har opplevd stor vekst, men ikkje alltid har hatt den naudsynte strukturen og systema for å takla utviklinga. Då er det alfa og omega å ha leiarar og medarbeidarar som strekk seg litt ekstra, seier Matre. 

Dei tilsette i heile organisasjonen har alltid vore aktive kulturberarar og praktisert dei gode verdiane som danna grunnlaget for suksessen på 90-talet. 

-  Me har hatt "kulturen på skjevå", og har tatt vare på åpenheten og ærligheten. Noko som på ingen måte er sjølvsagt i andre store selskap i dag. Alle bedrifter likar å kalla seg verdibaserte, men Autostore er det verkeleg: ikkje berre på papir, men i praksis. Nå skal me ikkje bli religiøse her, men det har vore enorm hjelp i at me alle har den sterke felles trua på vårt produkt, seier ho. 

Oppsummert kan alle bedriftseigarar som er opptekne av verdiskaping og kulturbygging i organisasjonen ta med seg følgjande råd frå Matre:   

  • Om gode verdiar: Hugs at det er viktigare å visa det, enn å snakka om det  
  • Korleis byggja bedriftskultur:  jobb med det bevisst, heilt til det blir ubevisst. 
  • Fortel historia dykkar, om og om igjen. 
  • Sei kva du meiner, og gjer kva du seier. 

Kl. 16.15: Folket på Næringsgiv har godt næringsvit og det er på tide med mat igjen. Skakkekokken har skaffa baguetter frå bakeriet i Etne,  og toppa dei med allslags godsaker. 

Kl. 16.45: Arne Hjeltnes riggar seg for revolverintervju av lokale bedriftseigarar. Først ut, Sigmund Lunde, gründer bak Omega 365.  

Kva er det smartaste du har gjort, Sigmund?

- Det er grunnleggjande å ha rett mannskap om bord, og få med seg flinke folk. Me har vore gjennom ymse kriser, men med dei rette folka, har me vakse oss gjennom dette. Når det blei slitsamt i olje- og gassbransjen, snudde me oss rundt og blei flinke til å bygga jernbane og nasjonalmuseum. Skal folk trivast og utvikla seg, må dei få frihet og tillit. Om flinke folk får lov, får dei til det meste. seier Lunde. 

I dag leier han eit konsern med 1950 flinke folk verda over. Ca halvparten i Noreg, halvparten utanlands. 

Han spolar tilbake til ungdomsskulen når han skal forklara kor skaparlysta kjem frå. 

- Eg måtte ha tysk på ungdomsskulen, og synst tysklæraren oppførte seg ufint med andre elevar i klassen. Eg gjekk til rektor og gav eit ultimatum: anten går tysklæraren eller så går eg. Det enda opp med at eg tok sløyd i staden for. Det tente noko i meg, og eg fekk smaken på å byggja. 

Lokalt eigarskap og heiarop frå lokalmiljøet har betydd mykje. 

- Det var Ølen Betong, Berge Sag og Westcon som gav oss jobbar i starten. Me har alltid vore gode å heia på kvarandre, og det er så viktig å ha lokale heiagjengar.   Eg fann fram til tidlegare ordførar i Ølen kommune, Dominikus Bjordal, sin "Idèbank"  med vyer om korleis kommunen skulle skappa arbeidsplasser.  Eg anbefaler alle å lesa det. Dette er frå tidleg 80-tal, men frykteleg mykje me kan læra av i dag. Blant anna skriv han «For det første må alt være positivt i utgangspunktet, vis velvilje og imøtekommenhet og bort med sperrebommene».  Framleis gjeldane. 

Kl. 17.00: Anne Marit Helgevold Heggebø frå Helgevold Gruppen, stiller til revolverintervju nr. 2, og kan signera på Lunde sin konklusjon:

- Dei tilsette er grunnen til suksess. 

- Me er 270 tilsette nå, skal tilsetja 100 til. Elektrikarar er lojale folk, som ofte bli verande lenge på same arbeidsplass. Det er sjølvsagt ein fordel for oss som har mange dyktige medarbeidarar, men betyr også at det er vanskeleg for oss å rekruttera når me skal satsa større. Difor må me utdanna folka våre sjølv. Til hausten får me 30 nye lærlingar, forklarer Helgevold. 

Kl. 17.15: Barnehagesjef i Småfolk, Anette Lauareid Hovda tar over mikrofonen. Ho er tydeleg på utfordringane i bransjen.

- Eg er ein såkalla «velferdsprofitør», og kjenner på usikkerheten nå som regjeringa legg press på private barnehagar. Me treng både dei offentlege og private aktørane. Private barnehagar er også ofte resultat av kvinneleg gründerskap, noko Noreg skal satsa på. Men eg opplever at dagens politikk rundt private barnehagar er eit trugsmål mot dette, seier Hovda.

Barnehagen hennar har i dag plass til 130 barn og har 27 tilsette. Dette er resultatet av hardt arbeid og livsvarige draumar.

- I dagboka mi frå eg var 12 år, var eit av måla mine å driva barnehage, og den draumen fekk eg oppfylt då me starta Småfolk i eit gamalt skulebygg i Etne.  Etter dei første åra i leigde lokalar, sette me i gang med bygginga av vår eigen barnehage, det var nok ein draum. For oss var det viktig å byggja ein stad med terreng som la til rette for leik og aktivitet. Eg vil at borna skal få flest mogleg blåveisar som små, for å rusta dei for alle «blåveisar» som kan venta dei vaksenlivet, seier Hovda. 

Kl. 17.15: Me går frå blåveisar til burgarar, og ein som sel mange av dei. Svein Fatland er siste mann ut, og publikum får grei beskjed frå start: 

- Me må bli flinkare å bruka heile dyret, ikkje berre fileten! Det er ein kunst. 

Medan andre bedriftseigarar må forhalda seg til store svingingar i marknad og etterspurnad, tykkjer Fatland det stort sett er grei skuring i slakteribransjen: 

- Me har jamne avgangar på varene våre. Folk må ha mat kvar dag, same korleis samfunnet utviklar seg. Og det er vår jobb å metta dei, seier slakterisjefen. 

Kva er nøkkelen til dykkar suksess?

- Gode folk, hardt arbeid, lange dagar og ein porsjon flaks. Og når kunden spør, er svaret alltid ja. 

Kva betyr det for bedrifta å ha eit  hovudkontor i Vindafjord? 

- Krava er dei same uansett kor du driv næring. Og distriktet her er sentralt nok. Har me straum, vegar, diesel og arbeidsfolk, så klarar me oss.

Kl. 17.45: Stemninga har allereie nådd toppunktet, når det er tid for prisdryss. Lokale bedrifter skal heidrast, med fine ord og diplom frå juryen sett saman av dei lokale bankane og Næringsgiv sine rause onklar: Sparebank 1 SR-Bank, Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest. 

Først ut, årets gründer. Juryen har følgjande grunngjeving: 

Prisen Årets gründer kan gå til ei bedrift, ein organisasjon eller ein person. I år går prisen til ein person som gjennom  mange år har utmerka seg  både i sin bransje og i heile regionen. 

Årets gründer har gjennom fleire tiår arbeidd for å setja distriktet på kartet, både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom eit ukueleg pågangsmot, med rivjernsinnsats og imponerande kreativitet har prisvinnaren stått i bresjen for utviklinga av nye konsept og varemerke som har nådd fram til  mange og store målgrupper. 

Dei siste åra har vore ein berg- og dalbane for årets gründer, etter å ha blitt råka av pandemi, til nå å rigga seg for historiske tal. Samstundes har årets grunder arbeidd målretta med ny innovasjon og grøn omstilling som eit grunnlag for vidare vekst. 

Årets gründer har i seg sjølv vore ein motor i utviklinga av eit imponerande klyngearbeid som har bidrege til å gi vårt distrikt attraksjonar for heile verda, og varemerke me alle er stolte av. 

Dette er gjort med dyktige, lokale aktørar i godt samspel, med naturen som ramme og fjorden som gjennomgangstone. Me ser med stor spenning fram til å sjå kva me kan venta oss av nye påfunn og reiselivssatsingar frå prisvinnaren.  

 Årets gründer er John Karsten Hustveit!

Deretter; Årets Bedrift. Dette er juryen si meining om vinnaren: 

Hardt arbeid og rett folk på rett plass gir resultat.   Noko årets bedrift er eit godt bevis på. 

Årets bedrift har ein lang historie, og har vore gjennom ei rekkje opp- og nedturar. Dei siste åra har prisvinnaren hatt ei stødig positiv utvikling. Dette som følgje av målretta fokus på god kvalitet og investering i eigne tilsette. 

Bedrifta er ei av få av sitt slag i landet og er ein liten aktør samanlikna med andre i bransjen.  Men med spisskompetanse og  kunnskap i botn,  målretta fokus på service og fleksibilitet,  leverer bedrifta dagleg i konkurranse med  dei store bransjekjempene.  

I dag er bedrifta eigd og leia av tredje generasjon i familien. For dei  handlar det ikkje berre om å driva ei bedrift, men å utvikla og skapa noko nytt saman med alle sine medarbeidarar. Kompetansen og folket i bedrifta er nemleg nøkkelen til suksess. 

Eller som sjefen sjølv seier det:  Hald det du lovar, ha peiling, eller finn folk som har det.

Og det finn ein i Skånevik.  Årets bedrift er Knudsen Dørfabrikk. 

Kl. 18.30: Festmiddagen set punktum for dagen: Lasagne med lokalt tilsnitt blir servert, etterfulgt av Dronning Maud-fromasj (med generøse mengder sjokolade). 

Mette og glade folk spaserer heim, forhåpentlegvis med planen om stilla på Næringsgiv att neste år.

Lurer du på kven som var der? Sjekk program og deltakarliste her!

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden