Meir enn ein kopp med te

Ved Nesheimstunet i Vats er det nå høve til å få seg ein kopp te utanom det vanlege. Nå inviterer dei nemleg til Afternoon tea, ein britisk selskapstradisjon der te og smørbrød spelar ei sentral rolle.


I Oldemors Hus ved Nesheimstunet starta dei i sommar med å servere te, smørbrød, scones og småkaker under innpakninga Afternoon tea. 

- Afternoon tea er ein britisk selskapstradisjon og har samanheng med dei kongelege som eg er stor fan av, seier innehavar og driftar av Nesheimstunet, Elisabeth Kallevik Nesheim og fortel vidare at tradisjonen starta på 1800-talet og teen vart servert som eit lite mellommåltid mellom lunsj og middag, for det var ofte lenge å vente mellom måltida.

Afternoon tea ved Nesheimstunet skal i hovudsak serverast ein gong i månaden og dei vil veksle mellom å ha det på laurdagar og i vekedagane, slik at flest mogleg får anledning å vere med. 

- Me har fullbooka på dei to neste teserveringane framover og kan kun ta mindre grupper om gangen grunna plassen, fortel ho. 

Påmelding til teselskapa finn ein på Nesheimstunet si Facebook-side der dei publiserer arrangement om dei komande samlingane. Her melder ein seg på ved å sende ein sms eller ringe.

Gjorde alvor av ideen 

 Elisabeth Kallevik Nesheim fortel at ideen om å servere Afternoon tea har vore med ho i om lag 15 år, men at det nå var ein kombinasjon av press frå ei velmeinande venninne og det at koronasituasjonen har utfordra dei til å tenke nytt som gjorde at teen kom på bordet.

- Då koronakrisa inntraff var me litt usikre på vegen vidare. Mange av dei større arrangementa våre blei avlyst og me måtte tenke nytt, seier Kallevik Nesheim. Det var då dei starta opp med blant anna tilbodet om komle laga frå botn av, som dei køyrde ut til innbyggjarar i Vindafjord. I tillegg kom suksessen med bakedagar og det eigenkomponerte «brunstbrødet» med kjærleiksurt som raskt vart populært. 

- Det tok verkeleg av med merksemda rundt brunstbrødet. Me fekk telefonar frå andre stader i Noreg der folk hadde høyrt nyhendesending på NRK og ville rose oss for påfunnet, seier Kallevik Nesheim og legg til at dei nå håpar å få seld brødet blant anna i butikken i Vikebygd. 

Te med sjel

Teen vert servert i Oldemors hus som innehar både gamle salongar og arvekoppar, noko som gir opplevinga litt ekstra sjel i følgje Nesheim. Sjølve utvalet av te er ingen tilfeldighet då ho sjølv reiste til Oslo til A.C Perch Tehandel for å plukke ut tesortane som skulle passa best til maten dei serverer. 

- Earl Grey passar best til smørbrøda og scones, og i tillegg har me sorten Temple tea som det viser seg i ettertid er Danmarks mest berømte te.

Saman med te, smørbrød, scones, heimelaga syltetøy, «clutted» krem og småkaker får ein også eit glas rabarbrasaft med Farris eller eit glas champagne for dei som ønskjer det. 

- Kvar tar du det i frå?

Ideane og tankane rundt nye tilbod er ikkje langt unna hjå Elisabeth, og ektemannen svarar ofte med «kvar tar du det i frå» då nye idear vert lansert. 

- Eg plar svare at det er ikkje vanskeleg å kome på nye ting, og me får gode innspel frå kundane våre på kva dei likar og ønskjer. I tillegg må eg trekke fram Cathrine Tindeland som jobbar hjå oss som er ein utruleg god sparringspartnar. Det er ofte enklare å kome på nye ting ilag. 

- Kva blir det neste de tilbyr ved Nesheimstunet? 

- Me har nokre planar framover, men må sjekke at dei fungerer før me går ut med meir informasjon, seier ho lurt.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden