God medvind i Sandeid

Det er stadig fleire som flyttar inn på næringshagen i Sandeid, nå er bygget snart totalrenovert.


I 2017 kjøpte Sandeid Eiendom det gamle banklokalet i Sandeid sentrum, då dei ønskja å skapa ein stad kor pendlarar og folk med heimekontor kunne samlast om kontorlokaler. Medvind avd. Sandeid vart opna i august same år.

Bedrifter på Medvind avd. Sandeid

  • Sea Tank Chartering
  • Lærdal Maskin
  • Daikin Airconditioning
  • Riggutdanning.no
  • 3D Consulting
  • Appex
  • Suldal Transport
  • AdmMit
  • Odda boligutleige
  • Kapitor
  • Biovind
  • Medvind24.no 

Behovet for kontorplassar dukka opp raskare enn dei hadde trudd og det vart fort fylt opp på næringshagen i Sandeid. Det har vore ei rivande utvikling i huset frå dag ein, og nå er dei 12 bedrifter som held til i dei sentrumsnære lokala.

–Det er jo eit gammalt bygg så når ein byrja å pussa opp ballar det fort på seg med ting å ta tak i, så nå er huset meir eller mindre totalrenovert, fortel Tore Solberg i Sandeid Eiendom, som og er Appex-gründer. 

I hovudetasjen har dei nyleg ordna taket og satt inn ny belysning. Dei har laga eit lite opphaldsrom med gode sitjeplassar og eit lite leikebord. 

–Me vil at folk skal kunne komma innom her for å ta ein kopp kaffi og slå av ein prat, legg Rune Furseth til, som er dagleg leiar i Suldal Transport.      

Her har dei og laga ein bardisk mot vindauga og tanken er at dette området skal kunne brukast om det dukkar opp nokon som ønskjer pendlarplass. I dag har alle faste kontorplassar.

Populært tilbod

Kvar fredag vart det steikt vaflar hjå Medvind i Sandeid og alle rundt bordet er samde om at det er lurt å halde seg på kontoret siste dagen i veka.

Fredagsvaflar er fast tradisjon på Medvind Næringshage i Sandeid. Foto: Elin Sørheim. 

Gjengen på fem stykk i Sandeid Eiendom ville satse på å skapa ei næringsklynge og håpa at behovet for kontorplassar ville dukka opp etter kvart.

-Det er jo klart at det alltid er ein risiko å gjera det i den rekkefølga, seier Solberg. 

Dei ønskja å lokka folk ut frå heimekontora, for dei hadde trua på at å halde til i ein næringshage er god nettverksbygging.

–Det er mange fordelar med næringshagen, her er me sentrumsnære og dermed lette å nå. I tillegg blir det meir liv i bygda, fortel Stian Furseth, som og er opplæringsansvarleg i AdmMit. 

Rom for fleire

Tidligare var det to loftsleiligheiter i huset, men når behovet for fleire plassar meldte seg, omgjorde dei ein av dei til kontor der AdmMit nå har flytta inn til seks nye kontorplassar.

Bilete av Sandeid i gamle dagar er brukt som dekor i lokala. Foto: Elin Sørheim.

I underetasjen er det frisørsalong og møterom. Møteromma vart brukt av alle bedriftene på huset i tillegg vart det leigd ut til organisasjonar og private ved behov. Dei har godt med parkeringsplassar og el-bil lading på framsida av bygget.

- Har de plass til fleire nå?

–Me har vel to plassar til overs kanskje, men ja, me har alltid plass til fleire, seier Solberg. 

–Sanninga er vel at kjem det eit firma til, trenger me å utvida meir, men det gjer me gjerne, legg Rune Furseth til.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden