Hopp til innhald

Lokal ungdomsbedrift med 2.plass i NM

Ungdomsbedrifta Tønnå UB ved Lundeneset VGS lagar møbler av gamle oljefat. Nyleg deltok dei i NM saman med 81 andre ungdomsbedrifter, der fekk dei med seg ein flott 2.plass. 


Ungdomsbedrifta Tønnå UB frå Lundeneset VGS er klar for NM. (Foto: Privat)


Hele fem ungdomsbedrifter representerte Rogaland under NM, ei av dei var Tønnå UB frå Lundeneset VGS. Bedriftene kjem frå fem ulike skular i fem ulike regionar og representerer fem ulike studieretningar Ved Thon Congress Gardermoen 2. og 3. mai skal dei konkurrere i 13 ulike kategoriar når Ungt Entreprenørskap arrangerer Norgesmesterskap i Ungdomsbedrift. 

– Eg er utruleg imponert over elevane og lærarane sin innsats i arbeidet fram mot NM. I ein periode der det framleis har vore mange korona-tiltak og til tider liten sjans til å møte kvarandre, lærarar og kundar på «normal» måte, så har ungdommane klart å etablere og drive sine eigne ungdomsbedrifter gjennom skuleåret. No skal me feire alt ungdommane har jobba med og skapt, og me håper og trur at bedriftene frå Rogaland kan hevde seg, uttalte dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Rogaland, Maria Aasbø i ei pressemelding i forkant av NM.

Med seg frå Rogaland hadde Tønnå UB fleire spanande ungdomsbedrifter. Bedrifta Godt i glass UB går på Restaurant-og matfag ved Karmsund VGS og lagar smakfulle marmeladar av frukt og grønt som ellers ville blitt kasta. Re-cycle UB går Topplinjen for innovasjon og ledelse ved Hetland VGS. Dei omgjer vanlege syklar til el-syklar slik at fleire får sjans til å velje sykkel framfor bil. Unik UB går på Helse- og oppvekstfag ved Bryne VGS, dei har skrive ei nydelig barnebok om å ha diagnosar. El Gründer UB går på Elektro ved Tryggheim VGS, dei har utvikla ei smart løysing for å overvåke straumgjerde for å oppdage feil og hindre at dyra rømmer frå beite.

– Ungdommane lærer fag gjennom å drive bedrift på skolen. Dei får praktiske og realistiske erfaringar som dei tar med seg vidare. Dei lærer å etablere ei bedrift i praksis, dei tar ansvar og initiativ, dei samarbeider med kvarandre  og med eksterne støttespelarar, dei løyser problem, og dei jobbar med berekraft. Du kan ikkje lære innovasjon og entreprenørskap ved å lese om det – du må praktisere det. Når eg ser dei unge sitt engasjement og idéar, så tenker eg me kan sjå lyst på framtida, avsluttar Aasbø.

Tønnå UB frå Lundeneset fekk 2.plass i kategorien for rekneskap.

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips