Livet på innsida

– Det er alltid eit ansikt bak papira, seier fengselsledar Jan Helge Aske. I Sandeid Fengsel skal dei innsette klare å bygge seg ein ny kvardag.


Fengselsleiar Jan Helge Aske ruvar i landskapet der han tar i mot med faste handtrykk og viser veg opp til kontoret der avdelingsleiar Ola Fossand -Waage ventar. Fossand-Waage har ansvar for verksdrifta i fengselet og alt som blir produsert. Fengselet er som ei middels stor bedrift, her er det produksjon av trearbeid, verkstad og vaskeri, i tillegg til at dei innsette og har arbeid i skogsdrifta, på storkjøkkenet, i hageavdelinga eller til dømes i drivhuset der dei produserer grønsaker til kjøkkenet. 

Fengselet har eit utsal i Haugesund i tillegg til at ein kan handle treprodukt og møblar direkte frå Sandeid. Mange populære julegåver blir laga her, og fengselet omset for halvanna million i verksdelen. Kvar og ein som kjem inn her finn sin plass i arbeidslaget, alle har med seg erfaring og kunnskap dei kan nytte, og arbeidsdagane gir meining i ein kvardag som ofte er mørk. Aktivitetsplikt i fengselet er også ei arbeidsglede for mange.

Rune Vestbø jobbar i skogsdrifta i fengselet, han ser at mange trivst med hardt arbeid. Foto: Elin Sørheim

Tillit i arbeidet

– Papira seier ikkje alt, du kan sitje inne for uaktsomt drap, og det du har gjort er å køyre ned ein person i eit fotgjengarfelt. Du har vore utruleg uheldig, og samstundes kjem du i same gruppe som dei som har drepe. Folk gløymer ofte at dette kan skje den beste, fortel Aske og vrir på kaffikoppen i fanget. Sjølv om kontortid og overordna arbeid tek mykje tid likar han seg aller best når han kan møte dei som sit her, og som treng eit klapp på skuldra.

– Me er strenge i arbeidet når me finn ut kven som passar inn her, det er mange omsyn å ta, både til dei som arbeidar her og dei andre som sit inne. Me treng å stole på folk. Dei som er med ute i skogsdrifta, og jobbar med farleg arbeid er dei me stolar aller mest på. Rune Vestbø jobbar i skogsdrifta i fengselet, og har jobba her i 25 år. I dag sit han og filer på eit motorsagkjede medan den eine etter den andre er borte og slår av ein prat med han. Vestbø veit at ein må ha med seg gode folk i skogen, og han skrøyter av karane som får røyne seg på skogsarbeidet.

– Aktivitet og arbeid gir ei god kjensle når kvelden kjem, ein blir trøytt på den gode måten, fortel Aske og Fossand-Waage som fylgjer arbeidskarane tett.

Fengselet har plass til 88 innsette, og har i dag berre mannlege innsette. Dei som tidlegare sona i Sandeid for å ha køyrt for fort, eller for promillekøyring sonar i stor grad heime med fotlenke. I dag er det alle slags dommar i Sandeid, og gruppa med innsette er meir prega av lange dommar, rusmisbruk og alvorlege livssituasjonar enn tidlegare.

– Me ser jo at gruppa me har inne i dag krev ei anna oppfølging, og kanskje ikkje har den same fungeringsevna som den gruppa me hadde mykje av før. Det var jo i stor grad folk som kom rett frå ein vanleg kvardag heime, og berre var innom her for ei lita stund.

I 30 år har Jan Helge Aske pendla frå Haugesund og inn til jobben i Sandeid, han brenn for at alle som kjem innafor porten skal ha like mykje verdi, og bli sett som den personen dei er.

Kjøkkensjef Jon Bjarte Aarekol og Marwel Åsebø gler seg over å servere mat til dei innsette. Dei veit kor mykje samtalane rundt bordet og sjølve måltidet kan bety. Foto: Elin Sørheim


Byggjer utdanning

Koordinator Mai Venke Lilleland ser kor viktig det er med utdanning, ikkje minst for å klare kvardagen på utsida. Foto: Elin Sørheim

I Sandeid Fengsel ser dei heile mennesket. Her er det ikkje dommen som styrer mest om korleis kvardagen i fengselet blir sjåande ut. Ei inntaksvurdering når dei innsette kjem inn porten avgjer kven som passar inn i Sandeid, og kven som ikkje gjer det. 

Kvardagen i Sandeid er styrt av fridom, ulåste dører og aktivitet. Innanfor porten har dei tilsette turløype, kiosk, bibliotek, fotballbane og treningsrom. Dei har sitt eige samfunn her, det einaste som skil dei frå omverda er gjerdet som kransar fengselet inn. 

Dei aller fleste som er innom kjem også innom fengselet sin eigen skule. Sandeid Fengsel samarbeider med Ølen VGS. Koordinator Mai Venke Lilleland veit kor viktig utdanning og vitnemål er for å endre kvardagen når ein kjem ut av fengsel.

– Alle her har rett på tilbod om utdanning, og me prøver så langt me klarer å hjelpe alle saman. Behova er så ulike, medan nokre slit med å sluttføre grunnskulen er andre godt i gang med fagutdanningar på høgare nivå, fortel ho.

– Nokre veit kva dei vil, andre endrar retning og mål undervegs. Nokre gonger må me hjelpe dei med å setje realistiske mål dei kan klare å nå. Men det må vere deira mål, og ikkje vårt, me kan berre hjelpe dei på vegen.

– Me har også 50-åringar som ikkje kan skrive, me må tilpasse oss heile tida.

Lilleland fortel om dei som tek kontakt når dei kjem ut, berre for å fortelje at dei har fått seg jobb og det går bra. Det viktigaste er å skape ei fagleg plattform det er mogleg å stå på vidare i livet, målet er aller mest å klare seg sjølv med eiga inntekt. Fengselet i Sandeid legg opp til tett samarbeid på tvers av etatane, der også NAV har fast kontortid. Aske meiner samarbeidet viser gode resultat og er nøkkelen for å hindre at innsette kjem tilbake bak murane. Det er også viktig med god helsehjelp for å ivareta helsesituasjonen til dei innsette.

Pappa i fengsel

– Eg besøkjer ofte andre fengsel, og møter gjerne på innsette som har vore her før. Då stoppar eg alltid opp og seier: «du skulle ikkje vore her, korleis går det med deg». Det er aldri kjekt når dei dukkar opp igjen, men me har dei her og, dei som kjem igjen og igjen. Me byrjar å kjenne dei godt etter kvart, fortel Aske.

På biblioteket står boka med tittelen «Pappa sitter i fengsel». Tida som innsett byr på mange utfordringar, og noko av det såraste er å sjå barn som kjem på besøk. I Sandeid legg dei ned mykje arbeid for å skape eit godt uterom og eit grøntareal som er innbydande. Det treng ikkje vere grått og trist om pappa sit i fengsel, det kan gjerne vere grønt og fullt av liv. På dagane kan dei fritt gå rundt, men telefonkiosken blir stengt kl 23 på kvelden, og det blir utført jamne kontrollrundar. Dørene til romma er låste, og det er berre dei sjølve som har tilgang. Fengselet har faste besøkstider, men dei som oppfører seg fint får også sjans til å ta permisjonsturar ut av fengselet etter kvart, noko som blir å rekne som reine høgtida. 

På kjøkkenet er det kjøkkensjef Jon Bjarte Aarekol som har ansvaret. Han har stått ved grytene i fengselet i 11 år og fortel at dei årleg produserer 100 000 tallerkar i året. Han og kokkekollegane veit kor viktige samtalane rundt bordet kan vere, og at måltidene er gode samlingspunkt for dei innsette. Han syns det er givande å møte folk der dei er, og slik dei er. Ein god prat, eit klapp på skuldra og ein spøk ut døra er kanskje det som skal til for å redde dagen.

– Eg hadde ikkje vore her så lenge viss eg ikkje hadde likt meg så godt, slår han fast.

Verksbetjent Jane Elin Owe er i god samtale med ein av dei innsette. Foto: Elin Sørheim


Prest og medvandrar

Magnhild Handeland Helberg er nytilsett prostiprest i Ryfylke prosti, og som fengselsprest i Sandeid. Ho har med seg lang erfaring som spesialprest, både som sjukehusprest og som prest frå andre fengsel. Det er første gong ho er prest i eit ope fengsel, noko som gir andre rutinar.

– Her er jo dei innsette i aktivitet heile dagen, så eg må finne andre måtar å nå dei for samtale. I lukka fengsel og i varetektsfengsel sit dei innsette på cellene gjennom dagen og er meir tilgjengelege.

Også ho som prest er oppteken av samarbeid og dialog mellom etatane for å oppnå best mogleg resultat.

– Som institusjonsprest er eg oppteken av å møte dei eg er prest for der dei er. Eg vandrar mykje rundt, et av og til lunsj med dei og møter dei ute i arbeidsoppdraga dei har. Her kan det dukke opp både små og store samtalar som gir verdi.

Presten arrangerer møter og samtalegrupper der ulike tema blir tatt opp. I haust hadde dei Alpha kurs, med god deltaking og opne samtalar rundt eksistensielle spørsmål.

– I eit fengsel har ein mykje tid til å tenkje etter. Då kan det vere godt å setje ord på både tankar og kjensler. Mange kjenner på sorg, tap og sakn. Og det kan vere godt å snakka om håp, tilgiving eller korleis livet etter fengselet blir sjåande ut. Tilgjeving er ikkje alltid lett, og kanskje det vanskelegaste er å tilgi seg sjølv. Det gjer inntrykk å få lov til å gå nokre steg saman med andre som har det vanskeleg. Fortida får ein ikkje gjort noko med, men framtida ligg open framføre oss alle, seier presten.

Somme gonger er det nok å tenne lys i lysgloben, det er alltid nokon å minnast der heime, eller noko vanskeleg ein ynskjer å snakke om. Handeland Helberg meiner det er viktig å sjå heile mennesket.

– Ein innsett er alltid meir enn det han sit inne for. Ein må skilja sak og person. Dei er alle verdifulle, og fortener respekt og verdighet, uansett kva bakgrunn, religion eller livssyn ein har med seg inn. Her i samlingane skal det vere rom for alle. Av og til vitjar andre grupper fengslet, og vi har samling i matsalen.

– Julaftan er det alltid gudsteneste , og i år er det eg som skal halde gudsteneste. Det gler eg meg til. Då reknar eg med å ha både ein og to kyrkjetenarar. Innsette er både venlege og hjelpsomme, så hjelp til gudstjenester, kaffikoking, stolplassering og henting av lysgloben er aldri noko problem.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden