Velkommen til Kraftkvelds

Me set fokus på fornybar kraft, kraftproduksjon, nett og næringsliv med lokale kraftkarar på programmet 7.mai, kl. 18.30.

Velkommen til kraftkvelds med Sveinung Eskeland, Egil Kambo og Terje Halleland. 

Praktisk info

  • Tid: 7.mai, kl. 18.30 (Påmeldingsfrist 1.mai)
  • Stad: Etne (adresse for kvelden kjem)
  • Målgruppa for konferansen er tilsette hjå samarbeidspartnarar og medlemmer i Fikse Næringsforening/Medvind Næringshage.
  • Pris for medlemmer: kr 300,-  (pris inkl kveldsmat)
  • Pris for ikkje-medlemmer: kr 500,-  (pris inkl kveldsmat)

Distriktet vårt har ei rekkje aktørar som jobbar med ei rekkje prosjekt innan fornybar energi. Kva moglegheiter ligg det  alt dette? Og korleis utfordrar det oss? 

Me inviterer næringslivet til nettverkssamling, der nokre av prosjekta blir løfta fram. Lokale kraftkarar står på programmet, alle med ulik kompetanse, erfaring og perspektiv på kraft og energi.   Det blir sjølvsagt av tid til ei god økt med kveldsmat og drøs. Arrangementet er eit samarbeid med Fikse Næringsforening, med støtte frå Vestland fylkeskommune. 

Meld deg på her! Påmeldingsfrist 1.mai!


På programmet:

Er solkraft den nye energiframtida? v/Sveinung Eskeland

Sveinung Eskeland er utbyggjingsleiar i Endra AS, som skal byggja, eiga og drive storskala bakkemonterte solkraftanlegg i Norden. Selskapet er 100% eigd av Haugaland Kraft. Eskeland kjem frå stillinga som utbyggingsleiar for småskala vasskraft i Hywer AS, og har tidlegare arbeidd med utbygging av solparkar i Sør- og Mellom Amerika for Scatec (utleigd frå Oneworld AS og Advansia AS).

Eskeland introduserer oss for storskala solkraft, og moglegheitene og utfordringane ved solenergiløysingar. Me ser også på kva moglegheiter som finnest hjå næringslivet ved bruk av solkraft og som leverandørar til solkraftutbgjyggjarar.

Vasskraft og skaparkraft v/Egil Kambo

Egil Kambo bygde sitt første kraftverk som 10-åring.  I dag eig Kambo Energi seks småkraftverk i regionen, driv ni, og har vore med på til saman 20 prosjekt.  Denne våren gjekk byggestarten for ni nye småkraftverk I Åkrafjorden. Kambo har I ei årrekkje vore brennande oppteken av moglegheitene som ligg i småkraft, kombinert med skapargleda som drivkraft.

Kambo tar oss med på historia bak Kambo Energi fram til I dag, og presenterer arbeidet som nå er i gang i Åkrafjorden i  samarbeid med SKL og Småkraft.


Om kraft, nett og næringsliv v/ Terje Halleland

Vindafjordingen og stortingspolitikaren kjem direkte frå energikomiteen til Kraftkvelds og set fokus på kva utfordringar og moglegheiter som finnest innan kraftproduksjon, nett og næringsliv på Haugalandet/Sunnhordland. Halleland vil også koma inn på forholdet og rollene mellom stat, NVE og Statkraft. 

Terje Halleland frå Vindafjord har Stortingsrepresentant sidan 2017, og  medlem i energi- og miljøkomiteen sidan 2022.

Påmeldingsfrist 1.mai

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden