Køyrer på i distriktet


Det er fem år sidan Jonny Einem starta selskapet Vindafjord Trafikkopplæring. Då var det berre han som jobba der. Sidan den tid har selskapet auka jamt og trutt med ein til to tilsette i året, nå er dei sju som arbeider med å utdanne sjåførar i alle aldrar i eit brett utval køyretøy. -Dei tilsette har vore ivrige og stått på etter av me kunne opne igjen, dei har jobba lange dagar og vore fleksible for kundane våre, derfor har me klart å ta igjen det me mista, fortel han godt nøgd. 

Fire av dei tilsette jobbar med personbil klasse B medan to underviser innan lastebil. -Dei aller fleste som tek førarkort klasse B er 17 åringar og 70 % er elevar på Ølen vidaregåandeskule eller Lundeneset, fortel Einem.

Dei har til tider ein god del vaksne innvandrarar som treng førarkort. Det varierer ut i frå kor mange tilflyttarar det er i distrikt til ei kvar tid. Nokre av desse har god erfaring med å køyre bil, medan andre startar med blanke ark. -Det er omlag like stor variasjon blant dei som kjem nye til landet, som det er blant 17 åringane, slår han fast.

Image
Anna Nesheim er nå å møte på Vindafjord Trafikkopplæring sitt kontor i Ølen. Foto: Elin Sørheim. 

Godt utval

Hjå Vindafjord Trafikkopplæring kan ein ta førarkort innan alt utanom traktor. Dei har grunnutdanning for yrkessjåførar og samarbeider med Instruo i Sandeid, som sjølv held oppdateringskurs for yrkessjåførar. -Me vel å samarbeide i der det er naturlig i staden for å øydelegge for kvarandre, det er betre for alle partar, meinar Einem

Opent kontor

-Denne hausten har me tilsett Anna Nesheim frå Skjold som jobbar frå kontoret. Tidlegare har eg tatt med av alt kontorarbeidet, men med 110 % av arbeidstida i undervisningssituasjon i bil har ikkje det vore ei ideell løysing, fortel Eidem som verkar godt nøgd med å kunne delegere telefonjobben vidare og dermed kunne konsentrere seg fullt og heilt om elevane når han er ute på køyring.

Dei opplev at sjølv om det meste kan bestillast på nett er det enno mange som ønskjer å komma innom og sjå dei i augo når dei skal investere noko så kostbart som sertifikat. I tillegg vert det lagt opp til at det meste skal skje digitalt frå Statens vegvesen si side. Då er det enkelt for dei som treng rettleiing med å melde seg inn til prøve og liknande, å stikke innom kontoret for å få hjelp med dette.

Image
Det er meir interesse for bilkøyring i distriktet enn i byen,  erfarer Vindafjord Trafikkopplæring. Foto: Økland Foto. 

Betre marknad i distriktet

Trafikkopplæringa har kontor både i Skjold og Haugesund i tillegg til hovudkontoret i Ølen. -Kontoret i Haugesund har me først og fremst for å vera tilgjengelig for våre kundar som kanskje kjem frå Vindafjord med går på skule i byen. Då er me tilgjengelege for køyretimar for dei der, seier Einem. Utover det legg han vekt på at dei ønskjer hovudsakeleg å vera ute i distriktet. -Me er litt ekstra heldige her i distriktet, då ungdommen har jamt over ei større interesse for køyring enn dei har i byar. Så dei som kjem til oss har ofte ein del erfaring og er flinke allereie skryt han.

Øving gjer meister

Dei anslår at det kostar i snitt 23-24 tusen å ta førerkortet. Det er viktig for bedrifta å gjennomføre denne prosessen så effektivt og rimelig som mogleg for kundane. Det skal ikkje verta unødig dyrt for nokon og den erfarne køyrelæraren har gode råd til sine kundar.

-Det aller viktigaste ein gjer for å halde prisen nede er å øve mykje. Start tidleg med øvekøyring og fortsett å trene mellom undervisningstimane. Gå heim og få mengdetrening på det du lærer i timane. Det er det aller beste ein kan gjere for å lære effektivt, seier Einem.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden