Korona-støtte i Vindafjord

Frist for å søkje midlane er 21. januar, til liks med Etne kommune så blir bedrifter innan servering, overnatting og reiseliv prioriterte denne gongen. Likevel oppmodar også kommunen andre bedrifter som kan dokumentere  auka kostnadar, tap av omsetnad eller risiko for å miste arbeidskraft på grunn av pandemien om å søkje.         

Her kan du søkje! 

Midlane skal kompensere lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av inngripande restriksjonar, at reservane er brukt opp, smitteverntiltak og nedstenging. Det blir og vist til at ordninga skal vere ei ventilordning som kan nyttast til å hjelpe dei verksemdene som av ulike grunnar fell utanfor lønsstøtteordninga eller generelle kompensasjonsordningar. 

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen. Vindafjord kommune har i tre tidlegare rundar blitt tildelt til saman kr 1 717 935 i korona-midlar til næringslivet. 




 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden