Kompetanseheving for permitterte

På grunn av korona-situasjonen kan du som er permittert eller arbeidsledig nytte deg av kurs og studie-tilbod utan å miste retten til dagpengar.


For å støtte næringane som er hardt ramma av koronaviruset har partane i næringslivet og Kompetanse Norge engasjert fagskular, studieforbund og andre opplæringsaktørar for å få på plass korte og relevante utdanningsløp. Kompetanse Norge er er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet som arbeider for å sikre livslang læring og kompetanseutvikling. Fram til 31.desember i år kan alle som er permitterte eller arbeidsledige nytte av seg av tilbodet utan å miste dagpengane. 

- Dette er ei unik ordning som er ein vinn-vinn-situasjon, både for dei som kan studere eller ta kurs utan å miste støtta frå NAV, og for bedriftene som kan sikre seg kompetanseheving gjennom denne tøffe tida. Dette er jo også gunstig for dei som treng å ta opp igjen eit eller to fag frå vidaregåande eller høgskule, meiner Martin Munthe hjå NAV Vindafjord-Etne. 

Kombinasjonsløysing: 

  • Fram til 31.desember 2020 slepp ein å søkje for å behalde dagpengar i opplæringsperioden
  • Ordninga er mellombels og gjeld både både permitterte, der mange skal tilbake til sin gamle jobb, og arbeidsledige som søkjer nytt arbeid
  • Reglande gjeld ikkje for studentar som får støtte frå Lånekassen
  • Ordninga gjeld alle typar kurs og opplæring - også studiar der ein får studiepoeng
  • Den nye mellombelse ordninga gjer at alle som kryssar av for opplæring på meldekortet hjå Nav får utbetalt dagpengar som vanleg. Tidlegare måtte ein søkje om å kombinere opplæring med dagpengar og få dette godkjent. 
  • Kravet om å vere aktiv arbeidssøkjar og tilgjengeleg for ny jobb gjeld for alle som mottar dagpengar, også ledige og permitterte som er i opplæring. Ved tilbod om jobb før opplæringa er fullført, blir det opp til den enkelte om ein vel å avbryte opplæringa, eller fullføre i kombinasjon med arbeid. 

(Kjelde: regjeringa.no)

Ordning ut året

Han peikar på at mange har spørsmål om utdanning og kurs medan dei er arbeidsledige eller permitterte, men NAV har ikkje noko oversikt over kva kurs ein kan ta eller kor mange som nyttar seg av denne ordninga. 

- Me tilbyr informasjon om at dette er mogleg, men har diverre ikkje noko tal eller kontroll på kva grad det blir brukt. Det er viktig at folk veit om denne sjansen dei har til å bruke tida som permittert på ein god måte, seier Munthe og legg vekt på at ordninga tek slutt ved nyttår, då må ein gå over til andre støtteordningar, som til dømes Lånekassen. Det går ikkje ann å kombinere dagpengar med støtte frå Lånekassen. 

Dei fleste tilbakemeldingane frå brukarane er at dette er positivt, noko som folk spør om, og etterlyser, fortel Munthe.

- Det kan vere lurt å ta kontakt med skular, eller kursleverandørar i nærleiken for å høyre kva dei har å tilby, seier Munthe som kan sjå tilbake på ei særs krevjande tid på det lokale NAV-kontoret. Korona-situasjonen sette mange arbeidstakarar ut av jobb, og dermed auka presset også på det lokale NAV-kontoret. 

- Me fekk arbeidsdagen vår snudd på hovudet, dei fleste kjenner jo nokon nå som enten er utan jobb, eller permittert. Det er krevjande, men og viktig å kunne gi dei som treng det god informasjon om tiltak, som til dømes studiar og kurs. 

Motvirke arbeidsløyse

Målet er at kompetanseheving skal demme opp for den aukande arbeidsløysa ein har sett utover året. 

- Arbeidsløysa skal ikkje få bite seg fast i Norge. Tidlegare kriser har lært oss at me må tilby utdanning og skule for å hindre at folk blir ståande varig utanfor arbeidslivet. Det er viktig at dei som no er ledige får best mogleg føresetnadar for å kome tilbake i jobb, uttalte arbeids - og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding tidlegare i sommar. Forlenginga av retten til å kombinere dagpengar med utdanning er ein del av Utanningsløpet 2020, som blant anna skal bidra til at fleire kommunar får fleire tilbake i jobb med rett utdanning. 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden