Inviterer til fjong feiring

Torsdag 27. august fyller Fjång Moteklær i Etne tre år. Det blir feira med gulerotkake, posesalg og tilbod i butikken.


- Det blir veldig bra og eg kjenner på ein stoltheit av å ha halde på med dette i tre år. Det har vore ein spesiell periode å komme seg gjennom tidlegare i år, så det skal bli fint å få slappa litt av å ta ein skikkeleg fin feiring saman med alle dei som ønskjer å komme innom på kake og drøs, fortel dagleg leiar og gründer av Fjång i Etne, Marita Grønstad. 

Feiringa finn stad på butikken frå kl. 10.00 til 19.00, kake blir servert kl.12.00. 

Følgde draumen sin

Klesbutikken som held til på Etne senter blei starta i 2017 då Marita Grønstad fekk nyss på at det stod eit tomt lokale på senteret i Etne. Då greip ho sjansen og følgde draumen sin om å drive sin eigen klesbutikk, noko ho ikkje har angra på. 

- Det har sjølvsagt gått noko opp og ned og det har vore nokon utfordringar til tider, men det har vore veldig kjekt å drive denne butikken. Eg har kjekke kollegaer og det er alltid hyggeleg når det kjem kundar innom, seier Grønstad. 

Etnesbuen driv også Ung/Kar som også held til på Etne Senter.

Satsar på bygda

Den daglege leiaren fortel at det å drive butikk på landet kan være utfordrande til tider. Ho merkar konkurransen, spesielt rundt nettsal, men meiner at med faste kundar så vågar ho å satse vidare. 

- I byar er det eit større tilbod. Det er damebutikkar, herrebutikkar og nisjebutikkar overalt. Eg må då satse bredt og ha eit større utval, men eg er veldig takknemleg for alle faste og lojale kundar som kjem på Fjång Moteklær for å handle for dersom dei satsar på meg, så vågar eg å satse videre. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden