Gratis BI-kurs for nyutdanna, unge, arbeidsledige og permitterte

Regjeringa har løyvd meir midlar til  kompetanseheving for dei som har det vanskelegast i arbeidsmarknaden akkurat no. I samarbeid med Handelshøyskolen BI tilbyr difor næringshagane i Noreg fleire gratis nettbaserte kurs i haust. Kursa er med studiepoeng, og tilbodet er særleg retta mot arbeidsledige, permitterte, nyutdanna, og unge med liten jobberfaring som står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet. Kursa er valde etter kva næringslivet særleg etterspør.

Tilbodet omfattar fem kurs som gir 7,5 studiepoeng kvar:

Påloggingskode!

  • Økonomi og forretningsforståelse
  • Prosjektledelse
  • Digital forretningsforståelse
  • Customer Experience Management
  • Bærekraft som konkurransefortrinn

Klikk deg inn her for å lesa meir om kursa, gjennomføring og korleis du søker!

Viktig informasjon: 

  • Det er avgrensa tal plassar, så ein blir oppmoda om å vera raskt ute.
  • Opptakskravet er generell studiekompetanse, men ein kan også søka på bakgrunn av realkompetanse.
  • Alle kurs blir gjennomførte haustsemesteret 2021, og det første kurset startar 20.august.
  • Kursa er nettbaserte, korte og fleksible. Dei kan kombinerast med jobb, jobbsøking og familieliv.
  • Kursa er gratis, men ein må kjøpa pensumlitteratur sjølv.
  • Kvart kurs tilsvarar 25% studiebelastning (7,5 studiepoeng) , så det skal vera mogleg å delta på flere kurs. Kursa kan også nyttast inn i ein grad ved BI.

Som eit ekstratilbod vil deltakarane i løpet av kursperioden få tilbod om karrieretenester gjennom BI sitt Karrieresenter. Her vil dei få konkrete tips til jobbsøking og tilgang til BI sin karriereportal. BI tilbyr også ein ‘CV-dag’ der ein kan få individuell tilbakemelding på CVen sin.

Kursa er finansierte av Kompetanse Norge/DIKU gjennom programmet Tilskudd til fleksible utdanningstilbud for nyutdannede, unge uten jobberfaring og ledige/permitterte.   

BI sine partnere i samarbeidet:  Samfunnsviterne, NITO, Næringshagene i Norge, Bergen Næringsråd, Vest næringsråd, Sarpsborg næringsforening, Bærum Næringråd, Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Næringsforeningen Haugalandet, Næringsforeningen i Trondheimsregionen, Narvikregionens Næringsforening, ProBarents, Honningsvåg handel- og industriforening  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden