Tilbyr gratis koronarettleiing

Etne og Vindafjord kommunar, Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage går saman om å tilby inntil tre timar med gratis rettleiing til bedrifter som har blitt ramma av koronasituasjonen.

Lokalt er rettleiingsordninga finansiert av Etne og Vindafjord kommunar og gir bedrifter navigasjonshjelp gjennom retningslinjer og dei nasjonale tiltakspakkane frå regjeringa. Ordninga er det til saman ti Haugaland Vekst-kommunar som har gått saman om å opprette. Rettleiinga er gratis inntil tre timar per bedrift.  

Gratis koronarettleiing

  • Tre timars gratis navgasjonshjelp for lokale bedrifter
  • Finansiert av Etne og Vindafjord kommune, i samarbeid med Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage
  • Interesserte bedrifter henvender seg til post@medvind24.no eller ring tlf. 993 25 412

- Dette er ei generell teneste, og kjem i forkant av og ikkje i staden for spesialiserte aktørar som bankar, administrative, juridiske og økonomiske rådgjevarar, opplyser Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling i informasjon delt via foreiningen sine kanalar.

Bedrifter som er interesserte i å nytta seg av tilbodet bes henvende seg via epost eller telefon til Medvind Næringshage.  


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden