Godt år for Ølen Betong trass pandemi


Også 2021 ser ut til å bli eit godt år for Ølen Betong AS. Starten av året er noko påverka av den lange kuldeperioden, men selskapet forventar god aktivitet utover året, og trur det er realistisk å oppnå årsbudsjett totalt for 2021.

Selskapet opplyser i ei pressemelding at på grunn av ei omstrukturering av konsernet der Ølen Betong AS ikkje lenger er morselskap, har finansinntekter blitt redusert frå 2019 til 2020 gjennom bortfall av utbytte frå dotterselskap. Resultatet etter skatt er 19 millionar kroner i 2020 mot 42 millionar kroner i 2019. Mottatt utbytte utgjorde i 2019 22 millionar kroner i 2019. I forhold til omsetninga melder Ølen Betong at driftskostnadane er stabile og driftsresultat før avskrivingar er førtiein millionar kroner i 2020 mot førti året før.

Årsrekneskapet til Ølen Betong viser ein liten nedgang frå 611 millionar kroner i 2019, til 585 millionar kroner i 2020. Dette som følgje av av utsetting av enkelte prosjekt for Division Element som leverer prefabrikkerte betongelement til tunnel og samferdsel.

Ølen Betong AS er ein av Noregs leiande leverandørar av ferdigbetong, betongvarer og betongelement til tunnel og samferdsel med produksjon på mange lokasjonar i Norge. Hovudkontoret er i Ølensvåg, 5 mil aust for Haugesund. Selskapet er ein del av Nordic Concrete Group (NCG). NCG konsernet har eigarinteresser i rundt 60 betongstasjonar i Noreg, og er med det blant dei største betongprodusentane i landet. Samla brutto omsetning i konsernet var i 2020 på 3.3 milliardar kroner.

Image
Dagleg leiar i Ølen Betong AS Lars Norekvål. Foto: Ølen Betong.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden