Gir gass på Knapphus

For Endre og Jakob Krakk handlar det meste om bil og livet på vegen. Dei er fint samde om at det trengs hardt arbeid og sunne verdiar for å oppnå suksess.

Far og son Endre og Jakob Krakk har i mange år arbeidd saman. For Endre starta draumen tidleg, og så raskt han slapp unna skulebøkene, var han med faren på jobb. Foto: Hanna Maria van Zijp

Endre Krakk kjem slentrande over den store parkeringsplassen på Knapphus, han luter seg litt fram før han slenger hendene på ryggen. Han har litt motvillig sagt ja til å bli intervjua, «det er nå blitt skrive ein del om oss etter at me flytta opp her», uttaler han med eit lurt smil. Faren Jakob kjem ut av døra på det store nybygget og nikkar. 

Dei skrik ikkje etter merksemd, karane i Krakk Transport. Hjå transportselskapet er det sjåførane, livet på landevegen og bil som står i høgsetet. Å snakke med store ord, eller trakte etter feite overskrifter i media, har aldri vore deira greie. For Endre Krakk hastar det ikkje å ta over rolla som dagleg leiar for Krakk Transport. Han trivst framleis best bak rattet og som alt-mogleg-mann. Foto: Hanna Maria van ZijpSjølv om sonen er eit hovud høgare enn faren, er det framleis Jakob som er dagleg leiar i Krakk Transport, og som sit med hovudansvaret. 

– Det hastar ikkje med å overta den rolla, eg trivst best i bilen, seier Endre som framleis er ute på køyring så ofte han kan, han kallar seg sjølv «alt mogleg-mannen» i bedrifta. 

Familiebedrifta i Vats har lange tradisjonar, og no er også fjerde generasjon komen på plass. Dermed kan ein dra linja frå Endre sin bestefar som starta det heile på garden Krakk og ned til Endre sin son som, no har gjort ferdig læretida si. Med ein bror og eit søskenbarn som også er med på laget, er selskapet ei verkeleg familiebedrift.

Det er mange år og liter med diesel sidan historia om transportselskapet på Knapphus starta opp. Bestefar Sjur starta det heile heime på garden, då kjøpte han seg lastebil for å kunne henta slaktegris frå Austlandet. Etter kvart fekk han og køyring for Fatland. 

– Han sette lause karmar på lastebilen sin, så det var enkle greier, men då kunne han bruke bilen til andre føremål innimellom, meiner Jakob. 

– Det var ein Austin han kjøpte, den kom til garden i 1952. 

Seinare kjøpte Jakob garden Vatne i Nedre Vats og dreiv bedrifta vidare derifrå. Midt i koronatida flytta selskapet opp til flunkande nye, og store lokalar på Knapphus. Bygget er på 600 kvadrat og rommar kontor, møterom, fellesareal, kjøkken, verkstad og vaskehall.Midt i koronatida flytta selskapet opp til flunkande nye, og store lokalar på Knapphus. Det som starta med planar om vaskehall, har blitt eit 600 kvadratmeter stort bygg med kontor, møterom, fellesareal, kjøkken, verkstad og vaskehall. Foto: Hanna Maria van Zijp

Landbruket har vore den største kunden for transportselskapet heile tida. På 1970-talet byrja dei å køyre kraftfôr for Skretting, som etterkvart fekk seg lager i Isvik.  Jakob var i militæret på denne tida og hadde lyst til å køyre bil, då var vegen til jobb hjå faren kort. Åra gjekk, behovet for oppgradering og fleire bilar kom. Rundt 1990 kjøpte Felleskjøpet Skretting, og Krakk Transport vart med vidare. Også i dag er dei fleste bilane ute på gardsplassen deira grøne kraftforbilar, i tillegg til at dei køyrer fiskefor for BioMar.

– Me er avhengige av at landbruket har gode vekstvilkår, slit dei så slit me og, meiner Endre. 

Marknaden for kraftfôr-køyringa er i stor grad bønder på Haugalandet og i Hardanger. Når ein driv med kraftfortransport, er naturlegvis sommaren rolegare enn vinteren. No er mange av dyra ute på beite, og bøndene treng mindre kraftfôr enn ein gjer på vinteren. 


Mange av sjåførane har vore i Krakk Transport lenge, dei har landevegen i blodet, og trivst i yrket sitt. Endre er likevel litt lite optimistisk med tanke på rekruttering i framtida. 

– Det er ikkje slik at ein startar på jobb klokka åtte og er heime til fire. Men alle sjåførane her er fleksible, dei står på når det trengs, og tar heller ferie når det er roleg. I dag er det mange bilar inne, det likar me jo eigentleg ikkje, men somme periodar er rolegare enn andre, seier Endre. 

– Eg forstår ikkje at så få vil bli sjåførar no, det er jo så kjekt yrke. Ein kan sikkert finne enklare yrkesvegar, men viss du har interesse for bil og køyring, er dette supert. Kanskje det er ugunstige arbeidstider som skremmer vekk ein del, men hjå oss er det ikkje noko langtransportliv, her er dei fleste heime kvar kveld. 

– Men me har eit godt opplæringskontor, som også jobbar målretta og godt for å få fleire jenter inn i yrket. Det er ingenting ved denne jobben som tilseier at det berre bør vere menn som er sjåførar.  

Draumen om å køyre stor bil har vore med Endre gjennom heile oppveksten. Så raskt han slapp unna skulebøkene, var han med faren på jobb. 

– Eg har aldri lurt på kva eg skulle bli då eg blei stor, seier Endre og kikkar bort på faren.

– Somme gonger har eg lurt på om dei veit kva dei går til. Eg ser jo dei er interessert, men eg veit kva jobb dette er og ville aldri presse dei til noko. Eg følte nok mange gonger eg var for lite heime då dei var små, seier Jakob.

Jakob lar fingrane gli over bordplata før han sprett opp, kaffien er klar. Han serverer rause koppar medan han forsikrar om at han aller mest gler seg over at nye generasjonar er komne inn. Sjølv har han sett ei rivande utvikling gjennom åra han har vore i bransjen. 

Han meiner standarden på bilane er det som har forandra seg mest, dei er blitt betre, lastar meir og er tryggare å køyre. Komforten har og kome på plass, det var ingen som visste kva aircondition var når han starta opp. HMS var også eit framandord i starten.

– Sjåførane sov når dei var trøtte på den tida, det var ingen som sjekka opp om kviletidene vart fylgde, fortel Jakob. 

Bilinteressa har far og son til felles, og bilmerket må vere svensk. Men så stoppar likskapen. 

– Me blir nok aldri samde om det er Volvo eller Scania som er best, seier Endre og ler. 

– Nei, det er vel så det, seier faren og gliser. 

Noko må ein då kunne kjeklast vennleg om rundt middagsbordet. Landbruket har vore den største kunden for transportselskapet heile tida, og Felleskjøpet ein viktig partnar gjennom mange år. Bilmerket må uansett vere svensk. Foto: Hanna Maria van ZijpI 2021 fekk Krakk Transport ein nasjonal trafikktryggleikspris som IF og Norges Lastebileier-Forbund står bak. I grunngjevinga vart det vist til at selskapet har ein langt lågare skadefrekvens enn tilsvarande bedrifter. Det blei også grunngjeve med godt omdømme og at sjåførane meiner leiinga tar trafikktryggleik på alvor. 

Både Endre og Jakob er opptekne av at sjåførane er det aller viktigaste bedrifta har. Dei tilsette som kvar dag set seg bak rattet, er den mest dyrebare kapitalen selskapet har. Dei har sjølv erfart at livet på vegen kan vere skremmande. 

Året er 1998. Endre er ute på køyring, har kome frå Austlandet og er snart heime. Det er då det skjer. Ein møtande bil kjem over i feil vegbane og kolliderer med lastebilen til Endre. Sjåføren i den andre bilen omkom. Endre opplevde sitt verste mareritt på vegen. 

– Eg kom jo frå det utan store skadar, berre nokre knekte ribbein, men å oppleve det var heilt grusomt. Eg fekk eit godt råd om å kome meg i bilen ganske raskt, så to dagar etterpå køyrde eg på nytt. Det var nok lurt, seier han. 

Far Jakob blir blank i auga når sonen fortel. Sjølv om åra har gått, sit framleis denne opplevinga sterkt i minnet. Mor til Endre sto sjølv i køen bak ulukka og såg at det var sonen sin bil som var innblanda. Det vart nokre tøffe minutt før ho fekk vite at sonen var trygg. 

– Eg hugsar eg var redd når me skulle få bilen av vegen og måtte krysse vegbanen med ein framaksling som var slått av. Då tenkte eg mykje på at viss det kjem fleire bilar i høg fart nå, så treff dei og meg, fortel Endre. 

– Eg fór rett heim frå sjukehuset, for meg vart det viktigaste å snakke med familie og venner etterpå. Det hjelpte meg gjennom, seier han.  For 25 år sidan opplevde Endre sitt verste mareritt på vegen. Trass tøffe tider etterpå, følgde han rådet om å kjapt setja seg bak rattet igjen etter ulukka. Endre og Jakob brenn for å gjere arbeidsplassen for sjåførane tryggare og betre. Foto: Hanna Maria van Zijp

Endre og Jakob er opptekne av samferdsle, om å gjere vegen og dermed arbeidsplassen for sjåførane tryggare og betre. Dei engasjerer seg for å få ein trygg stamveg gjennom Etne og Vindafjord, og meiner det er ei skam at Bakka-Solheim ikkje vinn fram i Nasjonal Transportplan. 

– Når Rogfast blir realisert, vil det bli endå meir trafikk gjennom her frå Stavanger. Vegen held ikkje mål rett og slett, seier Endre og ristar på hovudet. 

– Me har jo vondt av sjåførane ofte, det er med blanda kjensler me sender dei ut på vegen. Spesielt desse unge og ferske som ikkje har erfaring, dei har jo folk med seg lenge, men ein dag må dei prøve sjølv. Det har heldigvis gått godt, seier han. 

 

Krakk Transport har seks bulkbilar, to lastebilar med kran og éin krokløftebil. Dei er elleve tilsette og omsette i 2022 for 25,5 millionar kroner. Bilparken går framleis på fossil drivstoff, og Endre trur det vil gå tid før det er elektriske bilar i drift hjå dei. 

– Hadde du spurt meg for eit år sidan, hadde eg vore sikker på at det var langt fram i tid, no trur eg det nærmar seg meir. Men me har ingen planar om å elektrifisere før det i alle fall blir ein betre infrastruktur på lading. Det finst jo ikkje ladepunkt som er tilrettelagt for lastebil forutan somme plassar i og rundt dei største byane, seier Endre. 

– Eg meiner tempoet til styresmaktene er for sakte, slik det er nå er elektrisk bilpark mest interessant for dei som køyrer distribusjon inne i byane, og ikkje dei som køyrer lenger. Eg syns jo og nye reintkøyrande dieselbilar har fått ufortent dårleg rykte, dei slepp ikkje ut noko anna enn CO2. 

Bilane hjå Krakk Transport blir skifta ut når dei er om lag 6 år gamle, og då gjerne har gått 4-500 000 kilometer. Enkle reparasjonar tar dei på eigen verkstad, og den store vaskehallen hjelper sjåførane og halde bilane reine og fri frå saltskadar på vinteren. 

– Du veit, det var jo vaskehall det starta med her på Knapphus, det var det me skulle ha. Så har det balla litt på seg, fortel Endre og ler godt. 

 Bilinteressa har vart heile livet. Jakob fekk nyleg kjøpa tilbake ei femti år gammal folkevognboble. Første gongen blei bilen kjøpt ny 1973, då Jakob skulle henta sonen Endre på sjukehuset. Foto: Hanna Maria van Zijp

Det er tid for fotografering, og Jakob viser veg inn i verkstaden der det står ei knallgul boble, 73-modell. Bilen kjøpte Jakob då han var blitt far til Endre.

– Han brukte den då han henta meg på sjukehuset, fortel Endre medan Jakob set seg inn i bilen.

Han startar opp motoren og smiler gjennom frontruta. Joda, den går enda, og etter nokre år hjå andre eigarar har Jakob endeleg fått bobla heim igjen. Dette siste året har vore prega av sjukdom i familien, og etter tapet av kona no i vår treng Jakob noko anna å tenkje på. Då er det godt å kunne gå på jobb.

– Eg har fått lov til å ta fri frå køyringa, og berre konsentrert meg om papirarbeid, seier han og kikkar bort på sonen. 

– Det må nå vere lov, seier Endre og nikkar. Det er ei tid for alt.  Det er ikkje noko å seia på detaljane i den gule bobla til Jakob. Modellen heiter Jeans, og har dongeristoff i setene. Etter femti år er blåfargen nesten borte, og nytt stoff ligg klart. Foto: Hanna Maria van Zijp

Sjølv får Endre timane og dagane til å gå både i transportselskapet og som bonde på heimegarden i Vats, der han driv med ammekyr. Han seier sjølv han «ikkje blir arbeidsledig» og meiner han har lært gleda av å arbeide heime. Bestefaren Sjur er og blir eit førebilete. 

– Han dreiv jo på mange måtar på same måten som eg gjer, og lærte meg at jobben skulle gjerast skikkeleg. Han brukte ikkje pengar før han hadde tent dei, det er nokre gode og sunne verdiar der. Han visste at det er hard jobbing som må til for å skape noko. 

– Forresten, der er Krakknuten, så no er me jo på heimebane igjen, seier Endre og peikar oppover lia bak kontorbygget. 

Krakknuten, rett bak Jakob og Endre, ligg rett ved Krakk Transport sine nye lokale på Knapphus. Foto: Hanna Maria van Zijp

Endre seier sjølv han «ikkje blir arbeidsledig» og meiner han har lært gleda av å arbeide heime. Han og faren Jakob går tilbake til arbeidet. Foto: Hanna Maria van Zijp

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden