Fullt hus til hausten

Lundeneset vidaregåande skule ser fram til fullt hus til hausten, då også med endå større «hus». 188 elevar har takka ja til skuleplass ved internatskulen, som til hausten tar imot nye kull i splitter ny storstove.


Rektor Gustav Løge Fosse (i midten) ser fram til å ta i mot nye elevar frå heile landet, også til hausten.  Søkjartalet til skulen held seg framleis høgt. 188 elevar har takka ja til skuleplass neste år. Her er Fosse med  miljøarbeidar Ole Johannes Skartveit og russepresident Judith Emilie Hageberg. 

 - Ved skulestart i fjor haust var me totalt 190 elevar, og me var spente på korleis me skulle takla ein så stor elevmasse som rekordåret i fjor. Men det gjekk veldig godt, og til neste skulestart er me endå betre rusta med nye lokale på skulen, seier rektor ved Lundeneset VGS, Gustav Løge Fosse. 

Også i år har det vore god søknad til Lundeneset vidaregåande skule. Til saman har 188 elevar takka ja til skuleplass. Opptaket starta like etter søknadsfristen 1. mars, og fram til skulestart vil Lundeneset ta inn nye elevar når det blir ledige plassar. 

- Dei som er på venteliste har difor framleis høve til å bli elev hjå oss til hausten, seier undervisningsleiar Arlene Pedersen. 

Vil ikkje vera «eliteskule» 

Skulen har ein stabil søkjarmasse til alle utdanningsprogramma sine. Dette året har det vore auka søknad til Yrkesfagleg Medieproduksjon. Dette studieprogrammet er ei vidareføring av Media og kommunikasjon med eit endå meir praktisk fokus. 

- Dette studieprogrammet er det framleis relativt få som tilbyr enno, så det er veldig spennande å få starta opp med så stor interesse for tilbodet, seier Fosse. 


Service og Samferdsel har hatt ein nedgang i søkjartalet samanlikna med 2015, men likevel held søknaden til dette programmet seg stabilt til liks med tidlegare år. Medan påbygging til generell studiekompetanse har mange søkjarar dette året, har studiespesialisering ein svak nedgang. 

- Men det treng ikkje naudsynleg vera negativt, seier Fosse. 

 - Det er blitt stadig vanskelegare å komma inn på Lundeneset, så det er i grunnen greitt med ein liten dupp i somme studieprogram, som mellom anna studiespesialisering. Me ønskjer ikkje å bli noko «eliteskule», seier han. 

Skulestart med nytt bygg 

Det har også vore ein generell trend at fleire søkjer seg til tradisjonelle yrkesfag, som elektrofag, teknikk og industriell produksjon, og helse- og oppvekstfag. Dette er studieprogram Lundeneset ikkje tilbyr. 

- Likevel opplever me svært god søknad kvart år, og kjem til å ha fulle klassar med elevar frå heile landet også til hausten, seier Fosse, som ved neste skulestart kan ønskja både nåverande og nye elevar vel møtt til ny storstove på skulen. 

Utbygginga av hovudbygget på Lundeneset har vore under arbeid i nærare eitt år. Hovudbygget skal få ny, stor møtesal, eit større opphaldsrom, utvida kantine, og tre nye klasserom. 

- Me håpar me kan ta i bruk dei nye lokala allereie i juni, og satsar på å ha fleire sommararrangement i den nye storsalen, dersom alt går etter planen, seier Fosse.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden