Førebur bedrifter på framtida 

Korleis skal næringslivet vera klar for det som kjem i framtida? Legria, Oland og Vinnarskalle inviterer bedrifter til framtidsførebuing på JoaKari 11. mai. 

Frank Abelseth i Vinnarskalle (f.v), Øyvind Oland i Oland AS og Leif Grindheim i Legria inviterer bedrifter til framtidsførebuing på Joakari 11. mai. Her skal dei setja fokus på god kvalitetssleiing, effektiv økonomistyring og marknadsføring. 

- Det har vore gode tider i næringslivet dei siste åra, men marknaden er blitt meir krevjande. Nå er det viktigare enn nokon gong med god kvalitetsstyring, økonomistyring og målretta marknadsføring. Og det er dette me ønskjer å førebu bedrifter på med dette seminaret, seier Øyvind Oland i Oland AS.

Saman med Leif Grindheim i Legria AS og Frank Abelseth i Vinnarskalle inviterer han til samlinga kalla «Framtida i dine hender» på JoaKari, 11. mai. 

 Trioen skal innleia med kvar sine føredrag frå sine verksemdsområde; kvalitetsstyring, kostnadsstyring og økonomiplanlegging, og merkevare- og omdømebygging. 

- Fleire produkt og tenester blir likare og likare, samstundes som fleire bedrifter tilbyr det same. Det handlar om å finna sin x-faktor og identitet, vera effektiv, ha god kontroll på drifta og skapa gode resultat, seier Abelseth. 

Målet for samlinga er at deltakarene skal læra meir om korleis ein kan få «alt på G» og sikra god kvalitetsstyring i bedrifta. Deltakarane får òg betre kjennskap til korleis ein kan få auka effektivitet og betra resultat, og meir om verdien av merkevarebygging. 

 - Me utfyller kvarandre med kvar våre fagfelt, og meiner at alle desse områda er noko små bedrifter bør ha fokus på framover. Svært mange små bedrifter tilbyr mange og gode tenester og produkt, og me vil gjerne hjelpa dei til å vera betre førebudde på korleis dei best mogleg skal driva framover for å bli konkurransedyktige i ein krevjande marknad, seier Grindheim.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden