Frå skyttergraver til dialog og samarbeid

Politikarar, administrasjon og næringsliv i Vindafjord hadde nyleg sitt årleg dialogmøte. – Det å kunna snakka saman er utgangspunktet for å få til noko, seier ordførar Ole Johan Vierdal.

Tanken bak desse møta var å starta ein arena der ting kunne diskuterast uformelt på tvers av grupper og kva ein held på med. Utveksla erfaringar og sjå kva ein kunne få til i lag. Deltakarane er formannskapet i Vindafjord kommune, rådmannen og andre tilsette i administrasjonen, Medvind Næringshage, Fikse Næringsutvikling, Vindafjord tomteselskap og folk frå medlemsbedriftene i VAF (Vindafjord Arbeidsgiverforum). 

- På det første møtet for tre år sidan var nok alle litt i skyttergravene. Tonen har endra seg ein god del i løpet av desse åra, og dialogen er mykje meir positiv no. Det å kunna snakka saman er utgangspunktet for å få fram idear og løysingar. I dagens samfunn viser det seg at det er mest å henta der ein får til samspel mellom det offentleg og det private. Legg ein til dugnad, som vi er gode på i Vindafjord, kan vi få til mykje, seier ordførar Ole Johan Vierdal. 

Næringslivet vil ha målbare resultat, men ting tar av og til tid. Ein del tema går igjen på dialogmøta, og det er naudsynt for å koma fram til dei beste løysingane, meiner ordføraren. 

- Det er utruleg mykje bra som kjem ut av gruppearbeidene. Både nye ting og alltid noko nytt som fører til framdrift i saker som går igjen, seier Vierdal. 


Stort engasjement

Dagen starta med bedriftsbesøk hos Hatteland Display. Deltakarane på dialogmøte let seg imponera over kva bedriften har fått til. Du kan lesa meir om Hatteland Display her. 

Etter lunsj var det samling i Vindafjordhallen med korte innlegg om kva som er på gang i kommunen. Deltakarane kom med tankar og innspell om kommunereform ut frå dette, og fem tema vart plukka ut til gruppearbeid. Dei som var meiningsberarar gjekk rundt i fem grupper og fekk innspel. Opplegget vart kyndig leia av samfunnsutviklar Erik Baust i Vindafjord kommune saman med Rita Fridfeldt, leiar i Medvind Næringshage. Dei var og deltakarar i gruppene. 

Engasjementet var stort rundt alle borda, og meiningsberarane fekk mykje på arka som vil bli teke med vidare og felt ned i eit arbeidsprogram. Runde to var like engasjert, og innspela kring korleis ein skal bli ein meir næringsvenleg kommune vil bli teke med i same arbeidsprogrammet som skal syast saman av Medvind Næringshage, Fikse Næringsutvikling og kommunen. 

- Fornuftige folk på begge sider av bordet

- Dialogmøta er ein god måte å gje uttrykk for kva næringslivet er opptekne av og kva behov vi har. Det er fornuftige folk på begge sider av bordet, og når vi klarar å forstå kvarandre, får vi og til å dra i samme retning. Vi har fått mykje til via dialog, som bibliotek og idrettsanlegg som mange misunner oss. Samstundes ønskjer næringslivet at Vindafjord skal bli meir ein ja-kommune der det blir lettare å finna gode løysingar i staden for begrensningar, sier Øystein Matre, adm. dir. i Westcon Yards og styreleiar i VAF. 

Jone Tveit, dagleg leiar i Tveit Rekneskap, ser og ei klar endring i tonen mellom møtedeltakarane. 

- Dialogmøtene har utvikla seg til å bli meir positive og ein plass der det er omsetning av gode tankar og idear. Det er ein del gjengangarar, men slik må det vera i ein del saker. Det viktigaste er at at vi tar dei vidare og klarer å få til noko. Ambisjonane er til dels høge på enkelte område, og det ser eg berre som positivt, seier Tveit.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden