Firkløver greip sjansen og lykkast 

Den eine har eit par gravemaskinar, den andre har kjøpt seg lastebil. Ein tredje driv med muring av piper og annan betongmuring. Fjerdemann har teknisk fagskule og papira som skal til for å kunna få sentralgodkjenning. Eit godt firkløver, skulle det vise seg. 

Gründerane frå Sandeid og Vikedal kan sjå tilbake på over 18 gode år for entreprenørverksemda si. Her er tre av dei framfor den sist innkjøpte lastebilen - dagleg leiar Geir Bakkedal (t.h.), Rune Reimers og Jan Egil Søndenå.

Kalenderen viser året 1997. Denne sommaren bestemmer kameratgjengen frå Vikedal og Sandeid seg for å starta eige entreprenørselskap. Firkløver gir flaks og lykke, heiter det, og flaks handlar om å sjå og gripa dei moglegheitene ein får. Firkløveret bak Vikedal Mur & Anlegg (VMA), Geir Bakkedal, Rune Reimers, Kjetil Skogen og Jan Egil Søndenå, greip sjansen. 

Dei fire frå gamle Vindafjord er blitt til tolv. Over halvparten av dei tilsette har vore med så å seie frå starten. 

- Sidan starten i 1997 har me hatt jamt og trutt med arbeid i distriktet - i Vindafjord og Etne, innover mot Sauda og Suldal og utover mot Nedstrand, fortel to av gründerane, dagleg leiar Bakkedal og maskinførar, natursteinsmurar og mannen med papira, Søndenå. 

- Me har vore heldige med mykje og godt arbeid lokalt, noko som gjer at folka våre slepp stor reiseaktivitet slik mange av dei tilsette hos store entreprenørar opplever heile tida. Me kjem oss stort sett heim kvar kveld. 

Høg aktivitet hos lokale firma som Berge Sag og Fatland medfører ofte oppdrag for entreprenøren frå Vikedal. Offentlege og private byggefelt har fått si utforming ved hjelp av mannskap og maskinar frå VMA. Det same gjeld mange skogsvegar i distriktet. 

- Dei største jobbane har me hatt i samband med bygginga av Ølmedal Kraft og Haugaland Kraft sine småkraftverk i Ølmedal og Nedstrand. Begge jobbane var i 20-millionarsklassen, og viste godt att i regnskapstala dei åra me heldt på. 

- På det jamne har me ei årsomsetning på 20 millionar kroner, noko me er godt nøgde med. Eg trur ikkje nokon av oss hadde tankar om anna enn å halda oss sjølve i arbeid den gongen me starta, men det er jo tilfredsstillande å kunna konstatera at me har etablert oss med ei stabil bedrift i ein tøff marknad, seier Søndenå. 

Viktig at kabalen går opp 

Konkurransen i marknaden var der på 90-talet òg, den gong som no. Spesielt i nedgangstider med færre jobbar tiltar konkurransen med tilreisande og større entreprenørar, men karane i VMA ser ikkje mørkt på konkurransen. Aktiviteten på det indre Haugalandet har vore stabil og god. 

Elles handlar det om å vera fleksibel - å vera tilgjengelege når arbeidsmengda er stor, og kreativ med tidsbruken i rolegare stunder. Fleire av dei tilsette kan nyttast til ulike jobbar i bedrifta. Bakkedal rosar engasjementet til dei tilsette. 

- Me må vera der når kundane treng oss, og me må kunne snu opp ned på planane når det trengst. Eit vassleidningsbrot til dømes, kan det ikkje planleggast for. Skjer det, så må me vera der på kort varsel. Med ein fleksibel arbeidsstokk har me greidd det til no, seier Bakkedal. 

Allsidig entreprenør 

VMA er ein allsidig entreprenør, som tar på seg små og store oppdrag i heile distriktet. Dei brøyter og strøyer med traktor og lastebil, feiar gatene med traktor og tilbyr leige av stillas og containarar. Dei tek på seg alt innan graving - det vera seg utgraving av tomter, opparbeiding av skogsvegar, grøfting og drenering og bygging av kraftanlegg. Eller dei kan tilby hand- og maskinmuring av natursteinsmurar. Transport og spreiing av naturgjødsel med eigne tankbilar driv dei òg med. 

Jan Egil Søndenå har æra for mange fine natursteinsmurar rundt om i Vindafjord. 

- Her på Haugalandet er me ganske åleine med tankbilar for gjødselspreiing, og merkar at fleire bønder får augo opp for dette tilbodet. Årleg transporterer og spreier me rundt 50 000 kubikkmeter naturgjødsel i nærområdet og innover til Hardanger, fortel Bakkedal. 

Den eine av tankbilane til VMA kan på ein liten halvtime gjerast om til krane-, container- eller tippbil. Som tankbilar går begge for det meste i gjødseltransport, men kan og nyttast i andre samanhengar. 

- Me har mellom anna brukt bilane til vasstransport og spreiing av vatn for å dempa støvplager ved rallybanen til NMK Vikedal under løp og trening på tørre dagar, og me kan kjapt trø til dersom brannvesenet skulle ha behov for støtte ved større brannar. Tankane kan fyllast med vatn på fem-seks minuttar, og spreielengda gjer at me kan gjere nytte for oss både ved gras- og skogbrannar og brannar i hus og bygningar. Eg berre nemner det, om brannvesenet treng oss, seier Bakkedal.

Lærebedrift for maskinførarar 

VMA kan tilby læreplassar innan anleggsmaskinførarfaget. Førebels har to lokale ungdomar gått læretida si i VMA – Morten Skeie frå Vikedal, og no sist Lars Erik Stangeland frå Ølen, som fekk fagbrevet sitt i sommar. 

- Det å ha læreplass og kunna jobbe i eit mindre selskap som VMA byr på mange fordelar. Me får varierte oppgåver, jobbar med fleire ulike maskinar og køyrety og lærer stort sett noko nytt kvar dag. Eg har det godt i VMA og satsar på å bli her lenge, fortel Stangeland. 

Det likar Bakkedal og Søndenå å høyra. Dei har ikkje fått nye spørsmål om å ta inn lærlingar, men etter å ha røynd to lokale ungdomar gjennom læretid – og no i fast arbeid – er dei klare til å ta imot nye, framtidige maskinførarlærlingar. 

- Tilgang på lokal arbeidskraft er viktig for VMA si framtid, understrekar dei to og røper at dei ser for seg mange nye år i bransjen.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden