Feira 40 år med rosemaling

Om lag 180 personar møtte opp hos Unni Marie Rosemaling for å feire 40-års jubileet til butikken.


Den fantastiske hagen bak det røde bygget rett i veikanten av E134 var fullstappa med lojale kundar. Dei fekk servert alt i frå eit uval av 15 forskjellige kaker til underhaldning i form av musikk som blant anna jubilanten sjølv stod for. Unni Marie gjekk frå person til person for å ta imot alle gratulasjonane og for å slå av ein prat med alle dei oppmøtte. 

Skal aldri gje seg

I 1980 opna Unni Marie Lien dørene til den velkjende butikken like ved innløpet til gamlemoloen i Ølen. Nå har ho mala i 40 år, men har ingen planar om å gje seg med det fyrste. 

- Det er mange som spør når eg skal pensjonere meg, men då svarar eg at det kjem ikkje på tale. Eg kjem aldri til å gje meg med dette. Rosemaling sit så godt i ryggmargen og eg får nye idear heile tida. Det er noko som følger meg, det å skapa og tenke på nye ting og nye moglegheiter, kva kan eg finne på nå? Kva kan eg gjera med den? Eg gir meg aldri, fortel rosemalaren engasjert.

Karriere blei livsstil 

Karrieren starta då ho som ung begynte på rosemalingslinja på Sand yrkesskule. På den tida ante ho ikkje at ho skulle finne seg eit yrke ho skulle ha gjennom heile livet, men interessa voks etter kvart som handa blei stødigare med malarkosten. 

- Eg så aldri for meg at eg skulle vera her om 40 år då eg opna dørene for 40 år sidan. Eg føler jo eigentleg at aldri har hatt ein jobb, berre ein kjekk livsstil. 

Blei møtt med skepsis 

Då Unni Marie starta eigen butikk i same bygget som ein dag skulle bli hennar heim, meinte mange at det var veldig rart, og ho blei møtt med stor skepsis. 

- Folk meinte at dette var galskap. Ein startar ikkje rosemaling i Ølen, det kjem aldri til å gå sidan det ikkje er tradisjon for det. Men er det ikkje tradisjon for rosemaling så får det berre bli det, var Unni Maries klare tale tilbake, forklarar Unni Marie før ho fortset:

- Eg fann faktisk eit gammalt utklipp frå når eg blei intervjua i Ringerikes Blad i 1977 der eg seier at rosemaling er veldig gøy, det er berre så synd at ein ikkje kan leva av det, seier Unni Marie latterfylt. 

Sjølv om ho har drive butikken sidan det fargerike 80-talet hugsar ho den første kunden hennar. 

- Eg huskar at det var ei dame frå Voss som kom inn å kjøpte ei stor rosemalarbolle. Eg syns jo det var heilt strålande, også på opningsdagen og alt då, mimrar Unni Marie. 

Attraksjon

Sidan ho starta har kunstverka vekt stor interesse, og i dag er butikken ein attraksjon og eit reisemål for turistar verda over. 

- Før det smalt med korona-pandemien hadde eg hatt om lag 20 forskjellige nasjonar inne i butikken i år. Vanlegvis er det rundt 65 forskjellige nasjonar som kjem inn for å sjå og handle. Det er jo alltid like kjekt å ønske nye turistar velkommen inn i butikken, å dei er flinke å skryte: «for ein plass» seier dei då, forklarar ho flirande. 

Rosemalaren seier at ho opplev at den lokale befolkninga ofte ikkje veit kva som eigentleg føregår bak veggene i butikken. 

- Mange trur at dette er ein butikk berre for turistar, det stemmer ikkje. Alle er velkommen her, seier ho før ho legg til:

I butikken sel ho ikkje berre rosemåling, men også smykkar, troll, jakker, lakkerte postkassar, keramikk, suvenirar, kaffi, te og mykje meir. Rosemalaren driv i tillegg turistinformasjon og gir turistar og andre gjester tips om kva attraksjonar som er verdt å ta ein ekstra titt på i regionen, men legg vekt på at det er rosemaling som er den store lidenskapen. 

Unni Marie målar i Telemark og Ryfylke stil, på sin eigen måte og med eigne fargar med utgangspunkt i det tradisjonelle og det ho lærte på yrkesskulen på Sand


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden