Få ledige stillingar i Vindafjord

Ein sjekk på ei rekkje nettsider, viser at det er få faste ledige stillingar i Vindafjord og at kommunen har flest jobbar å tilby. Men det er ikkje alle stillingar som vert lyst ut.


Medvind24.no fann vel 10 ledige stillingar på sitt søk utanom sommarvikarar. Fatland, Tveit, RamBase (Hatteland), Ølen Betong, og Vindafjord kommune, er blant dei som er på jakt etter folk. Frå assistentar til einingsleiar og salssjef. 

Men ikkje alle stillingar vert lyst ut. Det skjer ein del tilsettingar i det stille. Det er ein trend som har kome i kjølvatnet av oljekrisa og stadig fleire arbeidsledige. 

- Det er mange flinke folk utan arbeid. Vi har den seinare tida både opplevd sjølv og høyrt om ein del andre bedrifter der gode kandidatar kjem og presenterer seg. Dei har ofte høg kompetanse, og gjerne ein kompetanse bedriftene ikkje har tenkt på at dei treng. Nokre av dei har fått napp og ny jobb utan at det er lyst ut stillingar eller at dei er kalla inn til intervju, seier Jarle Haugen, leiar for IT/utvikling hos Tveit. 

Fleire søkjarar og høgare nivå 

Tveit sjølv har lyst ut to ledig stillingar den siste tida. IT-og utviklingsavdelinga er på jakt etter ny systemkonsulent/rekneskapsmedarbeidar. Der gjekk søknadsfristen ut torsdag denne veka, men allereie to dagar før hadde 18 søkjarar meldt si interesse. 

- Søkjarane er betre kvalfiserte enn det vi er vant til. Dei aller fleste har bachelor eller høgskule, seier Jarle Haugen, leiar IT/utvikling hos Tveit.

- Det er fleire enn vanleg til ein slik jobb. Samstundes er søkjarane betre kvalfiserte enn det vi er vant til. Dei aller fleste har bachelor eller høgskule. Det er og ein fin miks i alder frå nyutdanna til folk med lang erfaring. Vi har både eit luksusproblem og ei utfordring i at mange av søkjarane er like gode, seier Haugen. 

Søknadsfristen for stillinga som HR-leiar gjekk ut i helga, og det kom inn mange søknadar. 

- Dette er ei attraktiv stilling, men søknadsmengda er nok og påvirka av tida vi er inne i. Det kom inn klart fleire søknadar enn det ville gjort for eit par år sidan, seier dagleg leiar Jone Tveit. Tveit er no i gong med å gå gjennom søkjarmassen, og Jone Tveit er godt nøgd med kvaliteten på søkjarane. 

- Det er mange veldig bra kandidatar, både lokalt og utforbi regionen, sier han. 

Treng mange sommarvikarar 

Den største tilbydaren av jobbar er Vindafjord kommune. Der er dei på jakt etter eininingsleiar for kommunaltekniske tenester, einingsleiar for helsetenester og lege til Vindafjord legesenter. I tillegg søkjer dei etter ein lærar til skulane i Vindafjord og undervisningsinspektør til Ølen skule. Kommunen er òg på jakt etter sommervikar, og her er det ei rekke jobbar innan helse og omsorg det dreiar seg om. Frå assistentar til spesialsjukepleiarar. 

- Trenden er at dei fleste søkjarane ventar til siste dagen, men vi har til no fått inn 66 søknadar til alle stillingane som er lyst ut. Søknadsfristane til dei fleste er 31. mars. Det er nok færre søkjarar til kommunale stillingar enn private, men det er fleire enn vanleg som tek kontakt, også folk som ikkje har direkte kompetanse for stillingane. Som til dømes ein siviløkonom som ville søka stillinga som einingsleiar helse, seier Øistein Lande Gunnarshaug, kommunalsjef for helse og omsorg. 

Behovet for sommarvikarar er stort, og Lande Gunnarshaug reknar med at dei har behov for mellom 50 og 60 vikarar. 

- Døgndrift og helgar på Ølen Omsorgsenter og Vindafjordtunet krev mange folk, og vi har ikkje alltid fått nok vikarar lokalt. Vindafjordtunet har tidlegare henta inn vikarar frå Sverige. Det var veldig vellukka for både Vindafjordtunet og legestudentane som kom, seier Lande Gunnarshaug. 

Om det blir ei aktuell løysing i år, er det for tidleg å seia noko om enno. Er du interessert kan du klikka på Vindafjord kommune øvst i saka, så kjem du direkte inn på ledige stillingar. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden