Enova-millionar til Biovind AS

Biovind AS er klare til å setje i gang med biogass-anlegg på Nærheim i Ølen, no får dei og 44,8 millionar i støtte frå Enova.

- Dette er ein stor dag sjølv om me nok hadde gått vidare uansett, fortel driftsleiar og fungerande dagleg leiar i Biovind AS, Rune Sørheim. 

Etter fleire år der Enova-søknaden til selskapet ikkje har gitt resultat er dei no inne i varmen og får 44,8 millionar i støtte, noko som tilsvarer om lag 10 prosent av total investering framover. 

- Det er ein svimlande sum, men likevel ikkje så stor del av totalen som kjem til å ligge ein stad mellom 400 og 500 millionar i investeringskostnad. Me er naturlegvis glade for at me no fann ein søknadssum som var realistisk, samstundes som vår eigen risiko innan innovasjon og ny teknologi ikkje blir for stor. 

- Det vil bli brukt ein god del ny teknologi i anlegget vårt, noko som blir spanande.

Investor snart klar

I tillegg til bankfinansiering, Enova-støtte og eigne midlar er Biovind no også i innspurten for å sikre seg ein solid investor. Etter ein lang prosess er det tre – fire selskap som sit igjen som interesserte, og som no har gitt inn bod. 

Eg tippar me har det klart i løpet av eit par veker, det blir nok ein stor dag. Det er store og internasjonale aktørar som har vist interesse for å investere her, det er veldig kjekt, seier Sørheim.

 

Spadetak neste år

I påvente av Enova-midlar har Biovind venta med oppstart av sjølve bygginga, og heller konsentrert seg om å få avtalar klare. 

- No engasjerer me rådgjevingsselskap for å kome i gang med søknadsprosessar opp mot kommunen og statsforvaltaren. Ting tar jo ofte tid, men eg vonar me er i gang med spadetak hausten 2024. Det blir ein god del jobb framover med planlegging, prosjektering og utsleppsanalysar for å nemne noko, seier han. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden