Energisk gründer

Håvard Risøy Vestbø har slutta å skrive timar på kveldstid. Sjølv om gründeren i Sjoaren Elektro veit kva som krevst for å drive eiga bedrift, har han aldri angra.

Lærling Erlend Båsen Haugland (t.v) og læremeister Håvard Risøy Vestbø har tettskrivne ordrebøker framover. Likevel er dei alltid klare for nye oppdrag. (Foto: Kristian Risanger)

På slutten av fjoråret tok Håvard steget og starta elektrobedrifta som held til i eit 400 kvadratmeter stort næringsbygg i Sjoargata i Ølen. 

– Det har alltid vore freistande å vere sin eigen herre og styre sin eigen arbeidsplass. Då kan eg leggje opp dagane slik eg vil, og tilpasse arbeidet til resten av livet. 

Det var Ivar Arne Svendsbøe som først fekk Håvard på tankane om å starte for seg sjølv. 

– Det var han som sådde det første frøet, ja, og eg kjøpte utstyr og bilar frå han og Svendsbøe Elektro. Han såg nok at eg kunne tenkje meg å starte opp noko, og sjølv var han komen i pensjonsalder, seier Håvard. 

I dag er han og lærlingen Erlend Båsen Haugland ute på jobb i eit hus i Ølen, Arbeidsantrekket er på plass, her går det i klogger, svarte arbeidsbukser og  t-skjorte med eigen firmalogo på. 

 Håvard trivst i sjefsjobben, men skulle gjerne visst meir om kva som krevs økonomisk av ein gründer før han starta opp. (Foto: Kristian Risanger)

Håvard er eigentleg utdanna automatikar og har lang erfaring, mellom anna frå Nordsjøen som ROV-pilot, og som automatikar på Kårstø. I fjor bygde han på utdanninga med ei seks år lang installatørutdanning og har dermed dei papira han treng for å drive sitt eige elektrikarselskap. Kundegruppa er både bønder, privatpersonar og bedrifter. No går det også mykje i montering av solceller, mange ynskjer å få det på plass før ENOVA senkar støtta i haust. Primært er kundane lokaliserte i Vindafjord, men også på resten av Haugalandet, i tillegg til Suldal, Etne og Røldal. 

– Ein kan ikkje køyre i timesvis for å skifte ut ein stikkontakt, men er jobben stor nok kan me godt reise litt. Eg har nesten ikkje marknadsført oss i det heile tatt for å få nye oppdrag, det går på gamle kontaktar. Mange av kundane våre har jo fylgt med frå den tidlegare bedrifta, det er ofte slik det er. 

– Og kanskje har me fått ein del nye kundar på grunn av plasseringa vår midt i Ølen sentrum, skal ikkje sjå vekk frå det.

Håvard og lærlingen Erlend har «plenty» av jobb, som han uttaler det sjølv. 

– Første målet er at dette skal gå rundt og vere levedyktig, og det ser bra ut etter eit halvt år med drift. Me kan ikkje ta på oss store næringsbygg eller leilegheitsbygg åleine, men bustadar, hytter og fjøs har me ein del av. 

 Erlend Båsen Haugland er lærling i Sjoaren Elektro, og får prøve seg på varierte arbeidsoppgåver. Mentor Håvard er aldri langt vekke. (Foto: Kristian Risanger)

– Kva skulle du gjerne visst då du starta opp? 

– At ein ikkje treng å finne ut av alt papirarbeidet sjølv, ein kan få hjelp til det meste. Eg skulle og likt å visst kor dyrt det eigentleg er å drive eiga bedrift. Det er mange utgifter ein ikkje kjem på, så ein blir ikkje rik av å drive for seg sjølv. Men det var no heller ikkje målet, seier Håvard og ler. 

Når du driv eiga bedrift, har du også ansvar for at det er tilstrekkeleg med jobbar, at ein får fullført jobbane i tide og at ein klarer å rekruttere dei ein treng i selskapet. 

– Det er ein hårfin balanse når det gjeld arbeid, det er ikkje godt å ha verken for lite eller for mykje av det. Det er vanskeleg å få tak i folk, og ein må klare å rekkje over alt ein skal. Eg trur det er for få som utdannar seg til yrkesfag i dag, og mange som allereie er utdanna har ein god og trygg jobb dei ikkje ynskjer å forlate. 

Håvard har sjølv ein lærling og er godt nøgd med å lære opp arbeidskraft som kanskje blir verande i selskapet over tid. 

– No skulle me helst ha vore fleire. Eg har søkt litt etter folk på Facebook og diverse. Det har vore ein del respons, men ikkje noko som passar endå. Skal ein jobbe som elektrikar her må ein ha fagbrev og vere sjølvgåande, det er det aller viktigaste. Dei må fungere godt i lag med andre og vere serviceinnstilte. 

 Det er timane og detaljane som tel aller mest når ein skal bygge opp ei bedrift. Håvard Risøy Vestbø veit mykje om det. ( Foto: Kristian Risanger)

Det må og vere tid til familien i kvardagen, med kone og tre barn er selskapet meir å rekne som ei familiebedrift. 

– Ein må vere villig til å stå på ein del ekstra, og ikkje telje timar heile tida. Ein skal ikkje slite seg ut, men samstundes klare å ha eit inntektsgrunnlag. Så må ein våge å satse litt, og ikkje forvente at pengane kjem med ein gong. 

Telefonen er stort sett på, og han har ikkje mange dagar der han ikkje tenkjer på jobb. 

– Eg prøvde å kutte ut telefonen i ferien, men heilt fred får ein sjeldan. Det er klart det kan vere stressande til tider, men ikkje så enkelt å seie nei når ein nett har starta opp. Av og til kan eg drøyme om ein åtte til fire-jobb, men eg vil ikkje byte. Går det ikkje så går det ikkje, eg vi heller angra på at eg prøvde enn å angra på at eg ikkje våga, seier han bestemt. 

Og planane er klare for å fylle resten av det store næringslokalet. I tillegg til ei leilegheit som etter planen skal leigast ut, blir det også produsert honning i lokalet. Det er nemleg ikkje nok å byggje opp eiga elektrikarbedrift; Håvard eig også ein million bier, og honningprosjektet har blitt noko alle i familien bidreg i.

– Ja, det er eit anna familieprosjekt. Me må jo ha noko å styre på med, seier Håvard og ler. 

 

 

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden