- Ein næringsminister skal ikkje sitje i Oslo

Rammevilkåra for kompensasjonspakken til reiselivet var eit av tema lokale bedrifter løfta fram for næringsminister Iselin Nybø (V) då ho besøkte Etne. Sjølv meiner ho det er viktig å møte bedriftene og høyre deira innspel.


- Me har utruleg mange bedrifter som alle har sine utfordringar, difor betyr det mykje å reise for å kunne snakke med bedriftene ein og ein, seier næringsminister Iselin Nybø som på invitasjon frå Etne Venstre var på bedriftsbesøk til Åkrafjordtunet, ABC Studio, Øyane Asvo og Fugl Fønix Hotell tysdag denne veka.

Bakgrunnen for besøket var å vise fram variasjonane i næringslivet i Etne og å få eit innblikk i bedriftene sine oppturar og utfordringar, spesielt i inneverande år. 

Ønskjer langsiktig fokus

Som ein av dei hardast råka bransjane etter koronautbruddet har fleire reiselivsaktørar måtte tenke nytt. I Åkrafjorden har dei hatt ein spesiell turistsommar der paraplyorganisasjonen Åkrafjorden Oppleving venta seg 15 000 cruisegjester og ein omsetnad på nærare 6 millionar, noko som enda på under 1 000 gjester og ein omsetnad på nærare 1 million. Åkrafjordtunet har derimot sett eit jamt trykk av norske turistar og resultata har gått over all forventning. Når dei nå planlegg for åra framover står langsiktig satsing som eit viktig fokus for John Karsten Hustveit som er dagleg leiar ved Åkrafjordtunet og styreleiar i Åkrafjorden Oppleving.

Image
Dagleg leiar ved Åkrafjordtunet, John Karsten Hustveit fekk både presentert historien og tilboda deira, i tillegg til å spørje spørsmål rundt støtteordningane frå regjeringa. Foto: Maria Djuve Vågen.

- Me treng ordningar som er rigga for lengre periodar. Kontraktar med andre partar både i inn- og utland er ofte på rammer for to år, og då treng me noko konkret å forhalda oss til, seier Hustveit og løfta blant anna opp tiltak som reiselivsmomsen som kun midlertidig er sett ned til 6 prosent, men som i føreslått statsbudsjett for 2021 er sett opp til 12 prosent, i tillegg til rammevilkåra for den nye kompensasjonsordninga for reiselivet og perioden for kriselåna då han møtte ministeren. 

Det kommunale næringsfondet som bedrifter i Etne og Vindafjord kan søkje utviklingsmidlar på i to omgangar, den eine runden med frist 25. september og den andre 23.oktober, vart rosa av Hustveit for å vera «lokalt, nært og kjært». Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Nils Einar Steinstø, påpeika også at om bedriftene får tildelt midlane dei har søkt om vil det gi store ringverknadar. Ministeren var glad for å høyre kva som fungerte og open for tilbakemeldingar på kva som ikkje har treft bedrifta så godt.

- Det er interessant å høyre innspela me får i møte med næringslivet, nokre av tiltaka treff bedriftene godt medan andre ikkje treff så godt. Det er imponerande å sjå optimismen hjå John Karsten trass i utfordringane dei har vore gjennom, seier Nybø. 

Meir aktivitet i studio

Hjå ABC Studio kunne dei fortelje ministeren om korleis dei er organiserte som sjølvstendig næringsdrivande og tilknytt ABC Studio. Sidan mars var arrangement og festivalar avlyste og avgrensa slik at jobbane dei var booka inn på med lyd og lys vart kansellerte. Det er snakk om jobbar for mellom 800-900 tusen kroner.

- Dette er nye kontraktar som me hadde fått sikra oss i år og kan difor ikkje vise til eit omsetnadstap mot fjoråret som gir oss grunnlag for å søkje i den generelle kompensasjonsordninga, fortalde styreleiar i ABC Studio, Nils Halleland. Heller ikkje kontantstøtteordninga fell dei inn under då dei har lite faste kostnadar for utan eit beskjedent lån på det gamle skulehuset som studio er lokalisert i.

Halleland drog derimot fram at dei har fått auka aktivitet inn i studio og at dei har hatt stor suksess med produktpakken «kompsession» der dei som ønskjer kan koma med songen sin og få den spelt inn saman med dyktige musikarar.

- Kompsession er fullbooka kvar gang, og det var om lag åtte av totalt tolv songar som vart gitt ut som blei plukka opp i media, fortel dagleg leiar i ABC Studio, Torleif Helvik.

- Det er godt de har fleire bein å stå på, sa næringsministeren og la til at det dei ønskjer å oppmoda om at dei som kan ha trygge arrangement og samlingar gjer det framover.

- Men mange er skeptiske og redde for å bruke mykje tid og resursar på noko ein kan hende må avlyse før ein får gjennomført. Denne usikkerheita lammar det kreative pågangsmotet til bransjen, legg ministeren til.

Vidare på besøksrunden var ministeren innom Øyane Asvo og fekk sjå spennet i tenestene deira som er alt frå vaskeriteneste, verkstad, sying og merking av klede, til bygging av benkar og lysstøyperiet som dei har overtatt etter Litledalen Lys. Hotellet Fugl Fønix var siste post på programmet med både introduksjon av bedrifta og smak av menyen.

- Det var ein innhaldsrik og interessant dag. Me i Etne Venstre er svært glad for å kunne ha næringsminsteren med oss rundt til dei ulike bedriftene i kommunen vår. Reiseliv og kultur blei prioritert denne gong, grunna svært utfordrande tider dette året. Det at bedriftene kan få møte næringsminsteren og fortellje kor utfordringane er størst, og også gi tilbakemelding på dei ulike kompensasjonsordingane, kva som har fungert bra og det som ikkje har truffe så bra, er viktig, seier Kristin Golf i Etne Venstre. 



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden