– Eg trudde ikkje det fanst slike sommarjobbar her heime


 Då Helga fekk nyss om Game of Skills i vår og ho oppdaga utvalet som var, blei ho overraska.

– Eg har ikkje vore klar over det omfanget som faktisk er her i bygdene. Ein høyrer sjølvsagt om dei som gjer det stort og blir skrive om i avisene, men kor breitt næringslivet faktisk er her, overraska meg.

Det fortel 19-åringen frå Etne som til vanleg studerer media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Klungland har tidelgare hatt deltidsjobbar som butikkmedarbeidar og servitør. At ho kunne få seg ein sommarjobb heime som er relevant for fagområdet hennar som student, hadde ho ikkje tenkt var mogleg.

– Det er jo grenselaust med jobbmoglegheiter berre på ei mils radius. Å få sommarjobbar relevant for studiet er svært vanskeleg i byane, for der er det så mange om beinet. Det er gjerne ikkje alle som har jobb i byen som førsteprioritet heller, fordi ein ønskjer å reise heim i feriane. Og me tenker gjerne ikkje alltid over det som ligg rett framfor nasa på ein der, seier Klungland.

Framtidige arbeidstakarar

– Det er gull verdt for oss å knyta til oss potensielle framtidige arbeidstakarar, seier dagleg leiar i Omega 365 Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland som har vore Klungland sin arbeidsgivar i sommar. Med bakgrunn frå studier i media og kommunikasjon har Klungland bidrege på en svært god måte mellom anna til innhaldsproduksjon i Omega 365 Design, seier Hjelmeland.

- Det at ho har eit årsstudium innan fagområdet, medie- og kommunikasjon, som er ein stor del av vår arbeidskvardag, er utelukkande positivt. Ho har arbeida sjølvstendig og spurt om hjelp der ho har stått fast og kome med konstruktive innspel. Me gler oss til å følgje med ho vidare og ta ho inn att som ferievikar ved eit seinare høve, seier Hjelmeland.

Etterlengta sosial sommar på jobb

Etter eit spesielt år både som russ og fyrsteårs-student, syns Helga det var kjekt å få koma på ein arbeidsplass der kvardagen har blitt litt meir sosial.

– Eg var i Bergen nesten heile studieåret utanom jul og påske, så restriksjonane er noko eg verkeleg har fått kjenna på. Å vera i denne sommarjobben er vel det mest sosiale eg har vore på så kort tid sidan i fjor, seier Klungland.

– Å sitje på ein liten hybel der ein får beskjed om å maks ha ein til to nærkontaktar, er ikkje berre berre, fortel Helga, som beskriv seg sjølv som ein svært sosial person som er glad i når ting skjer.

– I dei strengaste månadane var det ikkje uvanleg at eg kunne gå nærare ei veke utan å fysisk vera med nokon. Det einaste å gjere var å gå tur, noko eg ikkje er den største tilhengaren av, men i denne perioden var det berre til å kome seg ut. Ein var nøydd til å tvinge seg til slikt for å ikkje bli galen av å vere så mykje inne åleine.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden