Desse vil byggja gang- og sykkelveg mellom Håkull og Trovåg


Gang- og sykkelvegen mellom Håkull og Trovåg skal vera ferdigstilt hausten 2019. 

Bygginga av den nye gang- og sykkelvegen langs fylkesveg 734 mellom Håkull og Trovåg blei lyst ut på anbod i vår, og i dag opna prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens Vegvesen anbodspapira. 

Sju entreprenørar har gitt anbod, og meir enn enn 30 millionar kroner skil det høgaste og lågaste tilbodet.

- Det er eit stort spenn i pris, men det er ingenting som er avgjort enno. Nå skal me kontrollera at alle tilbydarar er kvalifiserte for jobben, og deretter kvalitetssikra tala, seier Opedal. 

Bjarne Nordtveit AS har levert rimelegaste tilbod. 

Innkomne tilbod. 

  • Bjarne Nordtveit AS: kr. 32 650 346,-
  • Tveit Maskin AS: kr. 35 972 823,- 
  • Bertelsen & Garpestad AS: kr. 36 226 832,- 
  • Vassbakk & Stol: kr. 47 001 167,-
  • Brødrene Flatebø AS: kr. 49 123 250,-
  • Birkeland maskinentreprenør AS: kr. 54 776 297,-
  • Risa: kr. 65 268 853,- 
Gang og sykkelvegen blir 3,3 kilometer lang, og anleggsarbeidet startar til vinteren. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden