Der ingen skulle tru at nokon dreiv bilverkstad

Med jungeltelegrafen som einaste marknadsføringskanal, starta Kristian Voll bilverkstad i enden av ein 800 meter lang svingete gardsveg på Tveit i Skjold. I løpet av to år var «hobbyen» blitt fulltidsarbeid for han sjølv og to tilsette.


Det tok fire år før Kristian Voll fekk på plass skilting til verkstaden sin på Tveit i Skjold. Men innan den tid hadde kundar frå heile Haugalandet allereie funne vegen opp til verkstaden. - Jungeltelegrafen gjorde det meste av marknadsføringsjobben, seier Voll. 


Ved ei dels tilgrodd avkøyring ved E134 i Skjold, kan observante forbipasserande få auge på eit beskjedent MECA-skilt i vegkanten. Og skiltet har stort sett vore den einaste posten på marknadsføringsbudsjettet for Voll Motor. Det har rett og slett vore for travelt til å tenkja på slikt, og heller ikkje det store behovet. 

- Eg trur kanskje far min skal ha ein del av æra for det. Han køyrer slaktebil for Nortura og har nok tipsa ein god del folk om at dei kan få fiksa bilane sine her. Deretter har nok «snakk på bygda» gjort resten av jobben, fortel Kristian Voll, innehavar av Voll Motor i Skjold

Før han blei sin egen sjef, hadde Voll fartstid som bilmekanikar på Knapphus og hjå Laastad i Haugesund. Då han overtok garden var målet å ha ein fleksibel arbeidsdag, der han kunne vera mjølkebonde på dagtid, og driva ein liten verkstad for seg sjølv innimellom. 

Nå er det 75 storfè som er blitt «hobbyen» på Tveit. 

0,5 blei tre årsverk

- Eitt par år etter at eg bygde verkstaden, var det blitt så mykje jobb at eg måtte tilsetja ein mann i full stilling, i tillegg til at eg sjølv jobba 100 prosent og vel så det. Halvanna år etter det igjen, gjekk eg inn inn MECA-kjeden, og då fekk eg opp skiltet nede ved vegen, utan at eg trur det gjorde store forskjellen, fortel 38-åringen.  

Voll og dei to tilsette mekkar det som mekkast kan. - Me leverer samme tjenester og like raskt som alle andre. Det er vel berre vegen til gards som skil seg ut frå andre bilverkstader. 

I 2013 blei mekanikar nr. 3 tilsett. Voll motor har i dag ei omsetning på om lag fem millionar kroner. Kundane kjem frå heile Haugalandet, og verkstaden tar seg av alt som kan mekkast av bil. 

På tunet står alt frå ferdigfiksa glis frå 50-talet til dei aller nyaste modellane. 

- Alt av tenester ein får hjå alle andre bilverkstader, får ein her. Me får levert deler to gonger dagleg, så me kan levera like snart som dei fleste andre. Etter at ein av kundane hadde levert bilen til reparasjon, spurte han meg kva tid bussen gjekk forbi her. Då fann eg ut at eg måtte til med leigebil. Så nå tilbyr me det også, ler Voll. 

I desse dagar er det teknisk kompetanse på hybrid- og el-bilar som står på timeplanen. 

 - Eg kursar meg opp for å kunna serva kundar med el-bilar framover. Det er viktig at me har god kunnskap på dette i tida som kjem, seier han. 

"Trur eg har kjørt feil..."

Brorparten av kundane tek turen frå Tysvær og Bokn, i tillegg til ein god del vindafjordingar. Samtundes som det er ein stor fast kundebase, er det stadig nye som finn vegen til Voll Motor. Etter litt undring om vegen då, vel og merka. 

- Det er ikkje så ratt sjeldan dei ringer på vegen opp hit, og stussar på om dei har kjørt feil. Men på vegen har dei uansett stansa for å ta bilde av utsikten. Naboen nedi svingen har også opplevd å få bilar parkert i tunet og bilnøklar på døra, då kundane umogleg har trudd det kan vera noko bilverkstad lenger oppe. 

Til trass for ein mildt sagt lite synleg lokalisering for ein bilverkstad, har ikkje lokasjonen ikkje vist seg å vera noko utfordring. Likevel innrømmer Voll at han har vore innpå tanken med å flytta. 

- Eg har lurt på om eg skulle etablera meg litt meir sentralt, men så langt har det ikkje vore noko som har passa. Det har blitt for kostbart å kjøpa eit bygg for så å byggja det om til ein bilverkstad slik eg vil ha han, seier Voll. 

Gir annonsepengar til kreftsaka

Det er nok av kundar som har trudd dei har kjørt feil på veg til verkstaden. - På veg opp stansar dei for å ringja å høyra om dei er på rett veg. Og då får eg også vanlegvis  også ein kommentar om den fine utsikten med det same, ler Voll. 

Utover skiltet ved vegen, ei enkel nettside og litt Facebook-aktivitet, har ikkje Voll lagt store ressursane i marknadsføring. 

- Eg blei med på eit MECA-opplegg der det blei annonsert på radio og i avisa, men det hadde ikkje noko utslag for pågangen her, uansett. Dei fleste som kjem hit har fått tips frå ein nabo eller ein kollega. Jungeltelegrafen har vist seg å vera både den beste og mest effektive marknadsføringa for meg, seier han. 

I staden for å bruka pengar på annonsekampanje for MECA i fjor, valde han heller å la annonsepengane gå til Kreftomsorg Rogaland. Det har blitt tradisjon for bilverkstaden å støtta kreftsaka; Tidlegare år har Voll gitt inntektene frå EU-kontroll eller hjulskift til kreftforeininga. 

-  Kreft er noko som rammar alle, og me kjenner alle nokon som har blitt råka. For meg er det viktigare å bidra til ei god sak som dette, enn å kjøra annonsering i avisene, seier han.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden