Chainco flyttar inn i Medvind-bygget

Reidar Matre har kjøpt 50 prosent av aksjane i haugesundsfirmaet Chainco og flyttar bedrifta frå Skjoldavegen i Haugesund til Medvind-bygget i Ølensvåg. Her er dei ein del av kontorfellesskapet i Medvind Næringshage.

- Næringshagen ligg lagleg til for oss geografisk. Hovudvekta av oppdrag har me frå Westcon her i Ølensvåg og nordover til CCB på Ågotnes, ved anlegga i Sløvåg og oppover mot Sognefjorden. Me har òg hatt oppdrag for basane i Kristiansund, fortel Matre, som ikkje er redd for å satsa i nedgangstider for oljeindustrien. 

- Marknaden har vore i fritt fall, men eg har tru på at det kan snu ein dag. Det er elles dei som seier at det er i nedgangstider ein skal satse, legg han til. 

Langvarig samarbeid 

Matre, som òg er eineeigar av Sirus Shipping, har i mange år samarbeidd med Chainco, som driv inspeksjon og resertifisering av kjettingar til oljeriggar og boreplattformer. Sirius Shipping sin taubåt Sirius er godt eigna til oppdraga i Chainco. 

- Sirius er som skreddarsydd til Chainco sine oppdrag og har vore eit fast innslag der Chainco har utført sine tenester dei siste åra. Då hovudaksjonæren Sagar Singh Slathia ville gi seg, fekk eg tilbod om å kjøpa meg inn i selskapet, fortel Matre, som etter handelen sit med 50 prosent av aksjane. 

Singh Slathia eig framleis 25 prosent av aksjane, medan ein Halil Jashari har kjøpt seg opp frå 15 til 25 prosent. Matre har tatt over rolla som dagleg leiar. 

Satsar internasjonalt 

Matre har tinga tre kontorplasser i Medvind-bygget, men reknar berre med sporadisk bemanning når til dømes rapportar skal skrivast etter at oppdrag er avslutta. 

- Det er i felten me tener pengar, og det er der me helst vil vera. Mannskapa frå Chainco blir med vidare, og totalt blir me 5-6 personar i arbeid. Me stiller der kundane våre ønskjer at me skal vera, anten det er ute i havet eller ved anlegg langs land i Nordsjø-bassenget eller andre stader på kloden. Me har til dømes hatt jobbar både i Singapore og Aberdeen, fortel Matre. 

Lekteren med inspeksjonsutstyr og taubåten Sirius har operert saman i mange år. Her ligg dei ved kai hos Westcon i Ølensvåg. Foto: Ellen Marie Hagevik

Matre ser elles større internasjonal satsing som eit av områda han som dagleg leiar vil konsentrere seg om. 

- Eg ønskjer å utvikla selskapet, få endå betre fotfeste rundt Nordsjø-bassenget og kunna konkurrera om oppdraga internasjonalt. I Nordsjø-bassenget operer me med Sirius og ein lekter med ein inspeksjonsrigg om bord. Til oppdrag elles i verda har me ein inspeksjonsmodul kan sendast ut på kort varsel, fortel Matre. 

Lekteren og Sirus ligg i Ølen når dei ikkje er i oppdrag. Akkurat no har dei ein jobb hos Westcon her i Ølensvåg. 

Lagrar kjettingar i sjøen 

Mange riggselskap er faste kundar hos Chainco. Mellom anna har dei ansvaret for hovudlageret av plattformkjettingar for Transocean i Noreg. 

- Det meste blir lagra ved Chainco Base i Svelgen i Sogn og Fjordane, men òg litt her i Ølen. Basen i Svelgen kjøpte me for ikkje så lenge sidan. I tillegg til eit område på land har me òg fått tilgang på lagerplass i sjø. Etter ein inspeksjonsrunde på lekteren vår vert kjettingane lagra i sjøen for å avgrensa rusting. På det meste har me hatt 60 000 meter kjetting lagra i sjøen i Svelgen, fortel Matre. 

I første omgang har Matre som mål å sikre seg fire riggoppdrag i året. 

- Kvar rigg har 8-12 kjettingliner, kvar på frå 1600-1800 til 2400 meter. Totalt inspiserer me 15-20 kilometer kjetting per rigg, fortel Matre.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden