Bygger dobbelt så stor butikk

Andre veka i mars vart ringmuren støypt. Innan utgangen av mai vonar Svein og John Olav Krokedal i Joker Vikedal å kunne ønskje velkommen inn i 210 kvadratmeter større butikk, frå dagens 250 kvadratmeter.


- Me har ikkje planlagt dato eller opningsseremoni, og kjem ikkje til å forsere prosjektet for å få det fullført til ei bestemt tid. Det viktigaste for oss er å få med sommarhandelen – når campingturistane inntek bygda, seier Krokedal. 

Han understrekar at vikedalsbuen er svært flinke til å støtta opp om nærbutikken sin, men òg at campingturistane er viktige kundar som gjer at det er liv laga med landhandel i Vikedal. Campingplassen ligg 500 meter unna Joker Vikedal. 

- Det er mest like mange campingvogner som det er hus i Vikedal, så i sommarsesongen er kundegrunnlaget om lag dobbelt så stort som resten av året – vel og merke dersom vêret er bra, legg han til. 

Sandsfjordbrua gir auka handel 

Krokedal fortel elles at han har merka auka handel etter opninga av Sandsfjordbrua for nokre månadar sidan. 

- Medan suldølane tidlegare måtte skunde seg forbi Vikedal for å nå ferga på vegen heim frå Haugalandet, har dei no betre tid til å stoppa for ein handel. Særleg på kveldstid merkar me at kundar på veg innover stikk innom butikken vår. Me har ope til klokka 20:00, og mange er for seint ute til å nå opne butikkar på Sand og i Suldal. Då er me midt i leia. Vikedal er blitt meir sentral, slår Krokedal fast. 

Også reisande andre vegen ser ut til å nytta landhandelen i Vikedal. No vonar berre Krokedal at politikarane i Sauda, Vindafjord og Etne kan verta einige om å utbetra den til dels trafikkfarlege og ulukkesutsette riksvegen mellom bygdane. 

- Ny og betre veg og eit trafikksikra sentrum i Vikedal plasserer oss midt i smørauget for dei reisande mellom Haugalandet og Ryfylket, meiner Krokedal. 

Svein (t.v.) og John Olav Krokedal er glde for endeleg å vera i gong med planane om utviding av landhandelen i Vikedal. Då kjøleanlegget likevel måtte skiftast ut, så fann dei tida mogen til å realisera draumen om større butikk. Foto: Torleif Heggebø

Planlagt i fleire år 

Alt då neste generasjon Krokedal bestemte seg for å driva familiebedrifta vidare starta planane om utbygging. Det hasta ikkje, men eit pålegg om å skifte til eit meir miljøvenleg kjøleanlegg fekk fortgang i planane. 

- Når me likevel måtte investere i kjøleanlegg, så kunne me like godt realisera byggeplanane. Kjøleanlegget vårt er frå 2002, men no blir kjølemediet i dette anlegget fasa ut, og me skal investera i eit moderne, CO2-kjølt anlegg, fortel Krokedal. 

Kva anlegget kostar seier han ikkje noko om, men innrømmer at anlegget blir dyrare enn påbygget. 

Dobbelt arealet, same sortiment 

210 nye kvadratmeter i tillegg til dagens 250 kvadratmeter butikk vil visa att når alt står ferdig om to-tre månadar. Lagerareal kjem i tillegg. Utbygginga kjem ikkje til å påverke den daglege drifta i særleg grad. Først når betongelementa, som utgjer bakveggen i butikken i dag, skal rivast, vil kundane merke aktivitetane. 

- Då skal alt vera klart til bruk i den nye avdelinga, og del for del i den eksisterande butikken kan pussast opp. Alt skal bli som nytt etter kvart. Denne delen av jobben tar me oss av sjølve, fortel Krokedal. 

Sjølv om han no får mykje betre plass, så reknar ikkje Krokedal med å utvida varesortimentet i særleg grad. 

- Nei, det blir nok stort sett dei same varene i tråd med vareutvalet som blir forhandla gjennom kjeda me er med i. Skilnaden blir betre utstillingsplass og større utval av dei same varene, seier Krokedal. 

Frå far til son til soneson 

Far til Svein, Olav, opna Krokedal Landhandel på 60-talet. Etter rundt 30 år i bransjen gav han ansvaret av drifta over til neste generasjon. Sidan 1996 har Svein hatt ansvaret for drifta.

- Vareutvalet var nok eit heilt anna då far min dreiv enn no, minnest butikksjefen.

- Ta til dømes dopapir i sekker. Eit samankrølla Stavanger Aftenblad gjorde susen den gongen, ler Krokedal. 

Om det blir nye ti år som butikksjef – for å matche faren – før han overlèt ansvaret til sonen John Olav er kanskje ikkje så sannsynleg, men han sit nok ved roret når snora skal klippast for nyopning av Joker Vikedal i mai ein gong.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden