- Blant dei best fungerande næringshagane i landet

Med så mange bedrifter under same tak og stadig fleire som kjem til, peikar næringshagen i Vindafjord seg ut som ein av dei beste i landet. Det meiner næringssjefen i Rogaland Fylkeskommune, Norvald Skretting.


I dag er det 22 bedrifter samla under same tak i Medvind Næringshage i Vindafjord. Bedriftene er alt frå nyoppstarta einmannsføretak til avdelingskontor for etablerte nasjonale og internasjonale bedrifter. Og endå fleire ønskjer kontorfellesskap og kompetansenettverket Medvind Næringshage tilbyr. 

Denne gjengen arbeider i det som næringssjefen i Rogaland meiner er ein av dei beste næringshagene i landet. 


Næringssjef i Rogaland Fylkeskommune, Norvald Skretting ser på næringshagen i Vindafjord som ein av dei mest vellukka næringshageprosjekta i fylket, basert både på måla som er nådde og den stadig aukande klynga av bedrifter under nærinsgtaket. 

 - Ser me på andre næringshagar er det svært ulikt tilfang av bedrifter som benyttar seg av samlokaliseringa og tenestene som nærinsghagane tilbyr, som blant anna etablerar-rettleiing og næringspådrivar. På alle desse punkta har Medvind Næringshage nådd alle målsetningar dei har sett seg, og vel så det. 

 Medvind Næringshage har tatt rolla som etablerarrettleiar i kommunen, ein teneste dagleg leiar Rita Ridfeldt ser mange gründarar ønskjer, og har hatt nytte av. 

- Me har bygd opp eit godt kompetansemiljø og har hatt eit særskilt fokus på vekst hjå målbedriftene. Eit tett samarbeid med Vindafjord Arbeidsgiverforum, bidrar også til å styrka kompetansebygginginga hjå både veletablerte, så vel som nye verksemder i kommunen. Til saman er bidrar nok alle desse elementa til at Medvind Næringshage har knytt til seg eit så stort spenn av bedrifter i kommunen, seier Fridfelt.

Medvind Næringshage blei etablert i 2012, og er eigd av Vindafjord kommune, Ølen Betong, Berge Sag og Trelast, Omega og Westcon Yards.

Ved årsskiftet fekk Medvind Næringshagen Vindafjord kommune sin næringspris mellom anna for for arbeidet med nyskaping og utvikling av bedrifter. 


Fleire saker frå Medvind Næringshage

@Render("ArticleList", CssClass: "infobox equal-height col-box col-xs-12 col-sm-4 col-md-4 col-lg-4", tags: "medvind", Display: "image title summary", TitleIsLink: "yes", MaxCount: "100")

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden