Slår følgje med Olaf Tufte til Olalia

Olaf Tufte får godt lag på scenen på Olalia 26. april. Osvald Bjelland stiller med sitt perspektiv på lokalt næringsliv og Annelise Sjurseike gir oss eit innblikk i Knapphus Gruppen si stadig veksande verksemd.

Klar for Olalia 26. april: Osvald Bjelland og Annelise Sjurseike

Saman med Tufte skal Sjurseike og Bjelland gå i bresjen for årets næringslivskonferanse på Olalia. 

Dagleg leiar i Knapphus Retail og ein av nøkkelpersonane i Knapphus Gruppen, Annelise Sjurseike gir publikum eit innblikk i det som for mange «kun» er ein Shell-stasjon i Øvre Vats. 

Det som starta som ein bensinstasjon og ein tankbil på starten av 60-talet, men som i dag er Knapphus Gruppen; åtte selskap med utspring frå drivstoffhandel på Knapphus. 

Under tittelen «Meir enn boller, buss og bensin» blir me betre kjende med Knapphus-eventyret frå ei av dei som har vore med å utvikla gruppa til det den er i dag.  

Sandeidsbu og rådgjevingsnestor Osvald Bjelland er administrerande direktør og styreleiar i Xynteo, eit internasjonalt rådgjevingsselskap med mål om å «gjenoppfinna vekst», skapa nye næringar og teknologiar rundt grøne verdiar og utan forureining. 

NæringsGiv 2018

Selskapet har 90 tilsette ved kontora i Noreg, New Dehli og London. Filosofien bak selskapet er at leiarar verda over speler ei sentral rolle i å skapa vekst som er berekraftig og tilpassa resursar, klima og demografi i det 21. århundre. 

 Bjelland har bakgrunn frå eit breitt internasjonalt næringsliv og har bidratt med rådgjevingstenester til selskap som General Motors, ABB, Volvo, Statoil og Hydro. 

 26. april får me høyra hans perspektiv på det lokale næringslivet i Vindafjord og Etne.

Meir om NæringsGIV: 


@Render("ArticleList", CssClass: "infobox col-6 col-sm-6 col-md-3, col-lg-4 h-250", Tags: "naringsgiv_2018", Display: "image title", TitleIsLink: "yes", MaxCount: "30")

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden