Betre mobildekning med nye master


Skotane i Vikedalsdalen og Tindeland i Vikebygd, er dei to nye stadene i Vindafjord som har fått mobilmaster i 2021, og fleire er på veg.

Tidsplan for dei ni nye stasjonane i Vindafjord:

  • Skotane, Vikedal i drift frå 15. juni 2021
  • Tinndeland, Vikebygd i drift 1. juli 2021

Planlagt ferdig:

  • Tørsdal, Vats 4. kvartal 2021
  • Kyrkjenuten, Bjoa 4. kvartal 2021
  • Vaka, Ølensvåg 2022
  • Sandeid 2, 2022
  • Hogganvik, Imsland 2022
  • Solheim, Skjold 2022

Torsdag 19. august var det det markering på Skotane . Administrerande direktør i Telenor, Peter-Børre Furberg, ordførar Ole Johan Vierdal og kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik, var tilstades på markeringa.

Det har lenge vore svak eller manglande mobildekning fleire stader i Vindafjord kommune. I november 2019 inngjekk difor Vindafjord kommune og Telenor Norge AS eit samarbeid om utbetring av mobildekninga i heile kommunen. Til saman vart det planlagd ni nye master. Med Skotane og Tindeland på plass, er to allereie i drift, tre er under oppføring på Hagahaugen, Tørsdal og Kyrkjenuten og dei fire siste på Vaka, Sandeid2, Hogganvik og Solheim er planlagd i 2022.

Administrerande direktør i Telenor Norge AS, Peter Børre Furhaug, uttalar i måndagsutgåva av Grannar at alle i Noreg skal ha 5G innan tre år. Kapasiteten på dei nye mastene vil difor snart også auke. Årsaka til at overgangen til 5G går så fort i distrikts-Noreg, er at dagens basestasjonar vert oppgradert til 5G utan å måtte byggje ut antenner mellom dei.

Utbygginga av mobilmastene vil også automatisk gagne hyttegjester i kommunen.

– I Vindafjord ligg hytteområda stort sett der folk bur. Ved å betre dekninga for innbyggjarane, betrar me den og for hyttegjestene, seier Sandvik.

Dei ni nye basestasjonane i Vindafjord kostar Telenor rundt 8,5 millionar. Kommunen bidrar i tillegg med opp til 3,5 millionar. Utbygging av mastene tek sikte på å redusere talet på «kvite flekkar» på mobilkartet i Vindafjord kommune i størst mogleg grad.

– Mastene kan kun planleggast ut i frå teoretisk dekning. Når dei er på plass, gjennomfører Telenor reelle dekningsmålingar og det vil då bli vurdert om dekninga er tilstrekkeleg. God mobildekning og fiber for alle er ein føresetnad i dagens samfunn, avsluttar Sandvik.

  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden