Bank-jobb i heimbygda


Camilla opnar dørene til Etne Sparebank med eit breitt smil om munnen. Kontoret hennar ligg rett ved resepsjonen, der ho ekspederer kundar. Banken har ope for at kundar kan kome inn kvar dag. Då finn ein Camilla bak skranken der ho ekspederer kundane med det dei skulle trenge hjelp til. Ho er og tilgjengeleg på telefon for å svare på spørsmål og hjelpe kundane der.

– Eg er i kassen, i telefonen, og elles der det trengst, seier Camilla mens ho peiker ned på to bunkar med papir som skal arkiverast.

Ho fortel at til neste år er ho ferdig med ein bachelor i økonomi og administrasjon på Høgskulen på Vestlandet og at ho vurderer ein master, men det må ho sjå nærare på når den tid nærmar seg. Uansett har ho alltid har vore innstilt på, og hatt eit ynskje om å jobbe i bank.

– Å få sommarjobb i Etne Sparebank passa bra både til utdanninga mi og mine interesser. Det er ein kjekk plass å jobba og så er det eit pluss at det ligg i Etne. 

– Når du tar ei utdanning, blir det noko anna når du først jobbar med det. Det blir enklare og kjekkare å gjera ting i praksis, og det er bra å få bruka det eg kan.

Fremma distrikta 

Camilla flytta heim til Etne då koronaen kom, og har budd der sidan. At det var så gode jobbmoglegheiter heime blei ho overraska over då ho kikka på Game Of Skills si nettside, og det passa bra med å få ein sommarjobb i nærleiken sidan ho var heime uansett.

– Eg var ikkje klar over kor mange lokale bedrifter som var opne for sommarvikarar. Når ein skal søkje sommarjobb tenkjer ein ofte butikk eller noko slikt, ikkje noko som er så relevant for utdanninga si, forklarar Camilla.

– Det er mange bedrifter med, og det er nok ein stor fordel for dei både her og nå, men og langsiktig, legg ho til. 

Image
Wenche Thorson er stornøgd med Game Of Skills og det problemet nettsida potensielt løyser.

Camilla sin sjef, Wenche Thorson, er einig i kor viktig det er å fremma jobbmoglegheitene i distriktet.

– For dei som bur vekke, gjerne i ein by og har eit anna miljø rundt seg, gløymer kanskje det omfanget som er her. Det gløymer me kanskje sjølv og.

Det å få bedriftene kjent, og at ein ikkje nødvendigvis treng å reise til byen for å få ein interessant og relevant jobb, understrekar Wenche er viktig.

Wenche er stornøgd med Game Of Skills og det problemet nettsida potensielt løyser.

– Med ein gong eg såg det tenkte eg at dette må me vera med på. Prosessen har gått heilt «smooth», og det har vore spennande å sjå responsen samanlikna med tidlegare år der me har lyst ut sommarjobb sjølv.

Wenche ser at dei har fått fleire søkarar, fordelt på eit større geografisk område.

– I tillegg har me fått ein auke i kor mange gutar som søkjer. Vanlegvis pleier me å få mest jenter, men i år skjedde det ei endring.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden