Aukar kompetansen i eigne rekkjer

Nortura i Sandeid satsar på eigne tilsette. Ni praksiskandidatar og ein lærling skal ta svennebrev. To tilsette er i gong med leiarstudier på BI, og to tilsette er på veg mot sertifikat som klassifisørar for kjøt og ull.

Slaktarfaget blir rekna som eit av dei tradisjonelle yrkesfaga, og etter godkjend utdanning får ein derfor svennebrev, som i praksis er det same som fagbrev. Hos Nortura i Sandeid skal heile ni av dei tilsette på slakteriet i gang med teoridelen av svennebrevet som praksiskandidatar. 

Før ein kan ta den praktiske delen av svennebrevet, må ein ha minimum fem års erfaring frå slaktararbeid. I tillegg har fabrikken ein slaktarlæring som tek svennebrevet den vanlege utdanningsvegen. 

Tar fagbrev nummer to 

Halvor Bakkevold har allereie fagbrev som tømrar, men har ikkje angra på bytte av jobb. 

- No har eg vore her i snart fire år. Eg trivst veldig godt og synes det er bra at vi får denne mogelegheita. Å ha papir på at du kan faget ditt er viktig, seier han. 

Slaktarlærling Liv Anne Gryte (18) stortrivst hos Nortura i Sandeid. Ho har aldri vore i tvil om yrkesvalet.

Yngst i slakatehallen er lærling Liv Anne Gryte. Ho er berre 18 år, men har lenge visst at det er slaktar ho vil bli. Ho er oppvaksen på gard i Ilsvåg, og var allereie i 9. klasse i praksis på slakteriet i Sandeid. 

- Eg har tatt matfag VG1 i Ølen og VG2 på Karmsund vgs i Haugesund. Eg har hatt praksisperiodane mine her i Sandeid, og i tillegg har eg også arbeidd her utanom praksistida. Læretida i slakteriet er to år, sier Gryte, som skal ta svennebrev neste år. 

To nye klassifisørar 

Ein av praksiskandidatane, Virginius Lukosevcius, er også i gong med å ta sertifikat som klassifisør. Det er ei omfattande opplæring som tek rundt to år. Svært god kjennskap til klassifiseringsreglar, god kjennskap til slakting, kjennskap til produksjon av slaktedyr og fire års yrkespraksis eller fagbrev er berre nokre av krava for å bli godkjend. 

På ullstasjonen arbeider Kari Adele Skorpe. Ho held på å utdanna seg som ullklassifisør, og skal ta eksamen på fredag denne veka. Ein ullklassifisør går i lære i ei bedrift i eit til to år, og deretter får dei eit sertifikat som viser at dei er godkjent for å klasse ulla. Det er totalt 16 klassar ull, og klassifisøren bestemmer prisen til bonden og prisen til kunden på same måte som dei som klasser heilt slakt. 

Investerer i kompetanse 

Kvalitet- og personalleiarLine Njåstad (t.v.) og fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg er i gong med vidareutdanning innan økonomi og leiing.

- Me har dyktige fagfolk, og no vil dei og få papir på at dei kan faget sitt. Nortura har som mål å investera i auka kompetanse blant eigne tilsette framfor å leiga inn konsulentar. Eg er veldig glad for og stolt over at så mange her i Sandeid vil ta svennebrev og klassifisørsertifikat, seier fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg. 

Ho er sjølv i gong med vidareutdanning innan økonomi og leiing saman med kvalitet- og personalleiar Line Njåstad. BI i Oslo har tilrettelagt studiet for 30 Nortura-tilsette frå heile landet. Det er seks samlingar i Oslo med forelesarar både frå BI og konsernleiinga i Nortura. 

- Studiet som er kalla «ledelse for økt konkurransekraft» gjev 30 studiepoeng og er "skreddersydd" for Nortura. Studiet blir teke over eit år i tillegg til full jobb. Hovudoppgåva skal enten vera korleis redusere kostnader eller korleis auka inntekter i Nortura, enten på eigen arbeidsplass, eller totalt for Nortura, seier Stokkevåg, som er i full gong med oppgåva saman med Njåstad. 

Hovedbilde: alle  Slaktarlærling Liv Anne Gryte (18) stortrivst hos Nortura i Sandeid. Ho har aldri vore i tvil om yrkesvalet. Line Njåstad (t.v.) og Britt Randi Stokkevåg er i gong med vidareutdanning innan økonomi og leiing.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden